Spørsmål og svar

Ønskjer å gå ned i vekt, men klarer ikkje. Kan eg ta det med fastlegen?

Jente, 19

Hei, heile livet mitt har eg vore feit. eg har prøvd på fleire måta å gå ned i vekt, men da e ingenting som hjelpe. eg vege no 104kg, og eg vil komme meg ned til maks 80 eller mindre. eg har kronisk sjukdom som gjer det vanskeleg for meg å trene sånn som dei andre gjer. eg har eit veldig dårleg sjølvbilde, og eg har blitt mobba heile livet mitt pga. vekta mi. eg har prøvd å trene og å faste, men eg klarer ikkje å gå ned i vekt. det føles som om kroppen min ikkje vil høre etter det eg vil, og eg ende alltid opp med å ete igjen uansett. eg hata å vere feit og eg hata korleis eg ser ut. eg vil berre bli tynnare:( fedme og diabetes går i familien min, so er dette noko eg kan ta opp med fastlegen?

Hei kjære deg.

Det er leit å høyre at du har eit dårleg sjølvbilete, og fælt å høyre at du har blitt mobba pga vekta. Sånn skal det ikkje vere!

Det kan vere vanskelegare å halde vekta dersom ein har sjukdom eller andre ting som gjer at ein ikkje kan trene “vanleg”. Dette er det fleire som slit med.

Mange erfarer det du skriv om, at det kan verke som kroppen ikkje “vil” gå ned. Faktisk samsvarer dette med det vi veit: kroppen vil helst unngå å gå ned i vekt. Den freistar å halde på kiloane, også om ein er overvektig. Dette er mekanismer ein ikkje styrer sjølv.

Men - ein kan likevel klare å gå ned i vekt, eller å halde ei grei vekt.

Ein kan absolutt ta opp vekt, med fastlegen. Det kan ein gjere uansett, men om du har fedme og diabetes i familien, er det desto meir grunn til å gjere det.

Ved overvekt, og særleg om ein har prøvd å gå ned utan hell, kan legen undersøkje ein (for stoffskifte, om medisinar eller sjukdom verkar negativt inn på vekta ), og finne ut om det ligg noko særskilt til grunn for at ein ikkje går ned.

Dersom det er grunn for å gå ned i vekt, kan legen hjelpe - med til dømes planar for kosthald, mosjon og anna. Kva som vil vere best for akkurat deg, kan eg ikkje seie, utan å ha undersøkt deg. Men - det som ein tilrår, er små endringar ein kan halde på sikt, som gjer at vekta vil halde seg der når ein går ned.

Det å faste, eller å tenke at “no skal eg ikkje ete noko usunt meir” vil ofte ikkje fungere i lengda, og mange “sprekk” Fasting kan også vere vanskeleg, fordi ein mellom anna kan overete når ein først kan ete. Det er ikke påvist at faste er ein betre eller lettare metode for å gå ned i vekt.

Så det å bli undersøkt av lege, og så få gode, trygge planer ein kan halde over tid, er ofte det som ein tilrår. Nokre gongar kan lege også henvise vidare til ernæringsfysiolog eller andre.

Men husk uansett: vekt og kosthald fortel ikkje noko om moral, sjølvkontroll. personlegheit eller kva nokon er verdt!

Så oppsummert: Du kan trygt ta vekt og kosthald opp med legen din. Det å ha gode rutiner som ein kan halde over lang tid, er ofte det som hjelp best og som gir ein varig vektnedgong.

Det kan også vere lurt å snakke om mobbinga du har opplevd, dersom du kjenner at dette har sett spor. Dette kan du snakke med lege eller helsesjukepleiar om.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 24.9.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål