Har synkande hemoglobin på prøver. Bør eg gjere noko med det?
Jente, 17
Hei, eg har tatt blodprøver dei siste 6 månedene hos hudlege i forbindelse med ein Isotretinoin kur. På prøvesvarene har eg lagt merke til at hemoglobin nivåene mine har vært synkende siden mai. Eg startet med 13,5 g/dL i mai, så har det sunket gjevnt ned til 11,7 g/dL og vært der den siste måneden. I følge nettsiden til laboratoriet og andre kilder eg har skjekka er dette helt i nedre grense. Er dette noe eg burde skjekke opp med fastlegen? Eg har verken kraftige eller lange menstruasjoner, så det kan ikkje være relatert. Eg har merket at eg er sliten, har alltid kalde hender og føtter, og kan bli svimmel når eg reiser meg opp. I en gymtime blei eg ganske svimmel, når vi hadde ballspill. Men samtidig vett eg ikkje om symptomene kan være tilfeldige, viss eg bare har blitt sliten av å stå opp tidlig, av skulen eller bare ikkje spist nok eit par ganger. Takk for svar på forhånd.
Svar
Hei!
Du fortel at du har hatt synkande blodprøver for hemoglobin dei siste månadane.
Eg må aller først seie at vi på ung.no ikkje kan kommentere konkrete prøvesvar. Vi kan ikkje stille diagnoser. Og eg kan ikkje seie noko sikkert om kvifor prøvene er slik hos deg, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.
Ein må alltid ta omsyn til at endringar i blodprøver, også kan skuldast tilfeldigheiter (ein vanleg, men ufarleg liten variasjon), og at ulike labratorium kan måle samme prøve på litt ulikt vis, noko som kan gi ulike svar. Har ein imidlertid målt prøvene på samme labratorium, er det meir sikkert at endringa i prøva er "ekte".
Den mest vanlege årsaka til lavt hemoglobin er at ein har lavt jernnivå. Hos jenter kjem dette ofte pga menstruasjon.
Ei anna vanleg årsak til lavt jern (som igjen kan gi lavt hemoglobin) hos unge, er kosthald. Då kan for lite jern i maten, eller for mykje meieri, kaffi, te eller energidrikk til måltider (slik drikke reduserer jernopptak) gi jernmangel. Også pubertet og vekst kan gi lite jern/hemoglobin, fordi kroppen treng ekstra mykje når den veks. Ein kan òg ha kombinasjonar av årsaker, til dømes menstruasjon og lite jern i kosthaldet.
Det er også kjent at Isotretinoin-behandling kan gi lavt hemoglobin.
Det fins også andre, moglege årsakar, som kroniske sjukdommar osv, men dei nevnt ovenfor der dei mest hyppige.
Det å vere kald, svimmel, bli dårleg når ein reiser seg eller er aktiv, kan vere symptom på jarnmangel (eller lavt hemoglobin). Men slike symptom er samstundes ganske vanlege å ha (og kan kome av lite mat eller svøn, som du skriv osv), så det treng ikkje vere hemoglobinmangel som gir dette.
Eg kan ikkje seie noko sikkert omprøvene, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.
Så eg vil råde deg til å spørre lege - gjerne fastlegen, viss du ellers følges av hudlege - om det endra hemoglobin-nivået bør utredes. Nokon gonger følger kontrollerer ein det ei stund, for å sjå om det var tilfeldige verdier eller alt har betra seg - andre gonger bør ein følge det opp. Legen din må avgjere kva som er rett i din situasjon.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 27.9.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


