Har mykje smerter og plager med mensen. Kan eg ha endometriose?Kva gjer eg?
Jente, 16
Hei, eg lurer på om eg kanskje kan ha endometriose. Eg har veldig vondt nederst i magen og i korsryggen når eg har mensen. Eg har vondt dei 2/3 første dagene av mensen og av og til en dag før eg får mensen også. Eg får av og til vondt ved urinering og avføring. Og mamma har endometriose. Det er ikkje alltid smertestillende funker på meg, eg må av og til ta meir enn vanlig. Eg har gått på p-piller i 2 år ca no, og det har redusert smertene veldig. Men eg føler at p-pillene begynner å "tulle" litt, som for eksempel at eg fikk mensen når eg ikkje skulle ha det, skjøv om eg husket å ta tablettene. Eg vurderer å snakke med helsesøster. Men eg har ikkje lyst å utrede meg for det sann egt, fordi eg har hørt at ein må ta innvendig ultralyd, og det vill eg ikkje gjere. Kva bør eg gjere??
Svar
Hei kjære deg.
Du har mykje plager rundt mensen, og lurer på om det kan vere endometriose.
Det er mange som lurer på dette, og faktum er at det kan vere vanskeleg å skilje mellom sterke mens-plager, og endometriose. Mykje kan vere likt og skje ved både menssmerter og endometriose. Men ofte seier ein at ved endometriose er det "mykje meir" - både smerter og andre plager, og tida ein har vondt, er meir/lengre.
For det er dessverre vanleg å ha ein del plager rundt mensen, også om ein ikkje har endometriose. Til dømes kan ein ha avføringsplager (diare, forstoppelse, oppblåstheit) ved mensen. Det er litt mindre vanleg å ha smerter ved tissing, men det er vanleg at det er ganske ømt i underlivet.
Ein har høgare risiko for endometriose dersom mor har det - men ein treng ikkje få det, sjølv om mor har det!
For å få ein heilt sikker diagnose av endometriose, må ein helst undersøke i magen, då helst via endoskopi (kikkhulls-kirurgi for å sjå innvendig). For ein heilt sikker diagnose er ikkje innvendig ultralyd nok, sjølv om ein kan sjå litt der.
Men - medisinen og behandlinga ved sterke mensssmerter og ved endometriose er i mange tilfeller heilt lik: Ein anbefaler smertestillande, og gjerne p-piller. P-piller gir ofte reduksjon av smerter og plager ved både menssmerter og endometriose, og i tillegg vil det hindre endometriose i å utvikle seg.
Så det er helst dersom ein ikkje blir bra nok av vanlege medisinar (smertestillande og p-piller/andre hormonelle prevensjonsmidler) at ein utredar for endometriose. Det er ingen vits i å utrede for endometriose, dersom ein får nok smertelindring av medisinar - for då blir ikkje behandlinga noko annleis, om ein har endometriose eller ikkje. Og sidan ein helst må ha kikkhulls-kirurgi for å vite sikkert, gjer ein det kun dersom det er viktig å vite sikkert. (Ellers kan behandler ein jo likt uansett).
No får du p-piller, men du har framleis ein del plager. Det du bør gjere då, er å gå til fastlegen din. Der kan du vurdert kva du bør gjere. Dersom du til dømes ikkje vil ta gynekologisk undersøkjing, bestem du det sjølv. (Det kan hende legen din ønsker å ta det, for å få sjekka grundig. Men du bestem uansett om du vil gjere det eller ikkje!)
Det er ikkje sikkert du blir "tilbudt" innvendig ultralyd endå. Dette kan eg ikkje seie noko sikkert om, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv. Det må legen din avgjere.
Men - det vanlege - både ved mensplager og endometriose, er altså å gi smertestillande og p-piller, og evt auke smertestillande om ein treng det. Generelt vil ein helst prøve alt ein kan, bør ein vurderer kikk-hull og meir "drastiske" metoder.
Så lenge ein står på p-piller, er ein også "beskytta" mot at endometriosen blir verre (generelt sagt), dersom ein skulle ha endometriose. Derfor hastar det ikkje alltid så mykje å finne ut av det.
Så oppsummert: Gå til fastlegen og be om meir hjelp mot plagar ved mensen. Det er ikkje alltid nødvendig å utrede for endometriose, sidan behandlinga ofte er den same som ved mensplager. Men legen din kan seie meir om kva som er best i akkurat ditt tilfelle. Legen kan også gi deg meir hjelp mot smerter og andre plager.
Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no
Besvart: 25.11.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


