Spørsmål og svar

Er det farleg å vere svimmel?

Jente, 14

Hei! Eg lurte på om det er farleg og vere svimmel?

Svar

Hei!

Det å vere svimmel er i seg sjølv ofte ufarleg, og særleg hos ungdom.

Men om svimmelheit er farleg eller ikkje, kjem heilt an på kvifor ein blir svimmel.

Hos ungdom er det som nemnt oftast ufarleg å vere svimmel. Då kjem svimmelheita som regel av ufarlege ting som lite søvn eller mat, stress, litt lavt blodtrykk eller lavt jernnivå. Særleg unge jenter kan ha lavt blodtrykk, eller lavt jern pga blodet ein mistar under mensen.

Mange unge jenter blir til dømes svimle om dei reiser seg eller endrar stilling brått. Då kan det hjelpe å reise seg langsamare, og å ete og drikke nok. Dette er som regel ufarleg og ein veks det ofte av seg.

Men eg kan diverre ikkje fortelle sikkert kvifor du blir svimmel, eller om det skuldast noko farleg, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv. Så om du er svimmel ofte, eller om det er ille (slik at du frykter du skal falle eller du ikkje klarer å fungere som vanleg), bør du gå til lege. Legen kan gi deg ein sjekk og eit konkret svar på årsaka.

Blir ein brått svært svimmel og føler seg dårleg, bør ein ringe legevakta (tlf 116 117).

Du kan også snakke med helsesjukepleiar om dette, men ho kan ikkje stille diagnoser, slik legar kan.

Du kan gå til legen åleine, sjølv om du er 14 år. Men det er kanskje lettare å få foreldra dine til å hjelpe deg med å bestille time eller vere med.

God betring!

Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no

Besvart: 3.4.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål