Eg har fått nokre klumpar i lysken. Kva gjer eg no?
Gutt, 18
Hei eg har fått eit par klumper i lysken nederst mot pungen og litt lengre oppe på lysken og dei er harde men gjer ikkje vondt. Klemte litt og klarte ikkje la ver så eg fekk eit lite hull på huden og da er mørkt blod som kjem ut. Er til plage då eg ikkje tør lengre og vise meg naken foran kjæresten min og boxeren gnage på klumpene. Har dere tips?
Svar
Hei!
Du har fått nokre klumpar i lysken.
Det er vanskeleg for meg å seie sikkert kva dette kjem av, når jeg ikkje kan undersøke deg sjølv.
Men generelt kan klumper i lysken skuldast fleire ulike ting. Det kan til dømes vere lymfekjertlar. Ein kan vanlegvis kjenne lymfekjertlar som små "bønner", ca 1-1,5 cm lange. Dei kan hovne når ein er sjuk eller har eit sår i området. Men ein brukar ikkje kunne presse noko ut av lymfekjertlar.
Dette kan også vere betente hårsekkar eller betennelse i andre småkjertlar som ein har i lysken. Det liknar litt på ei slags kvise, og ein kan klare å skvise noko (talg, puss) ut av dei. Hvis det er lite væske i slike "kviser"/betente kjertlar, vil det kome litt blod ut.
Det kan også vere andre, meir sjeldne årsaker som kjønnssjukdomar osv.
Som regel er årsaken heilt ufarleg, men plagsom. Ofte er det betente småkjertlar.
Men eg kan dessverre ikkje seie kva dette er. Så eg råder deg til å gå til lege med dette. Det er den einaste måten ein kan få vite sikkert kva dette er. Legen kan også gje deg rett behandling. Ofte går til dømes betente kjertlar fort over med behandling. Men eg trur det er vanskeleg å behandle dette sjølv, så lenge ein ikkje veit årsaka.
Så oppsøk fastlegen, lege ved helsestasjon for ungdom, eller legevakta (om du ikkje kjem til hos dei andre).
God betring!
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 19.3.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål