Sliter med å ejakulere. Finnes det noe krem som kan bedre dette?
Gutt, 17
Sliter med å ejakulere. Ver gang eg nærmar meg ejakulasjon begynner eg å kjenne smerter langs penisen. Det gjør svært vondt og hindrer meg i å ejakulere. Finnes det noe krem som kan lindre smerten?
Svar
Hei.
Du fortel om smerter før ejakulasjon.
Det skal ikkje eigentleg gjere vondt når ein skal til å ejakulere. Behandlinga av dette vil avhenge av kva årsaka er. Så før ein kan gjere noko med det, må ein finne ut av kva årsaka er.
(Det fins ingen kremer eller piller som verkar mot alle typer smerter).
Det kan vere fleire årsaker til slike smerter. For det første kan det vere ein kjønnssykdom. Så om du (no eller tidlegare) har hatt ubeskytta samleie, bør du teste deg for kjønnssykdom (symptoma kan sitte lenge i).
Men dette kan også skuldast andre sjukdommar som betennelser, problemer frå testiklene, urinvegsinfeksjon osv osv. Eg kan ikkje seie noko sikkert om kva årsaka er, uten å ha undersøkt deg.
Så du bør gå til fastlegen eller lege ved Helsestasjon for ungdom. Der kan du få en sjekk og eit mer konkret svar. Og då kan du også få behandling.
Leger er svært vande med at guter kjem til lege med problem og smerter i penis, så det treng ikkje vere flaut.
Om du ikkje «tør» fortelle om ejakulering, kan du uansett fortelle om smerter som kjem i penis. Om ein ikkje klarer fortelle alt til lege, er det uansett betre å gå og så berre fortelle så mykje ein greier.
Ofte klarer legar å finne ut kva det kan vere, sjølv om ein ikkje får til å fortelle alt. Du bør uansett få dette sjekka!
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 27.4.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



