Trur eg har trang forhud. Kva skal eg gjere?
Gutt, 15
Eg er nesten 100% sikker på at eg har trang forhud. Eg har hatt sex eit par ganger men d gjer unormalt veldig vondt, eg greier og fullføre sexen men det er ikke alltid behagelig og i det fleste tilfeller ubehagelig. Med ergiert penis får eg dratt huden rett under penishovudet men ikke lenger enn det. Så det funker men er ubehageligt og vondt. Hva skal eg gjøre?
Svar
Hei.
Viss du ikkje får dradd forhuda skikkeleg tilbake, kan det vere trang forhud.
Trang forhud kan gi plager ved onani og samleie, det kan gjere at penis "bles" seg opp når ein tissar, og det kan gi betennelser under forhuda fordi det er vanskeleg å vaske der.
Det fins ulike grader av trang forhud, så det er også ulikt kva for plager ein har.
Ved trang forhud prøver ein ofte med ein sterk steroidkrem først. Dette er ein krem ein må få på resept av lege (ikke den vanlege, reseptfrie steroidkrem frå apotek). Dette kan hjelpe mange. Og om det ikkje hjelp, fins andre behandlingar, som små inngrep eller anna.
Eg kan ikke seie kva for behandling du evt. bør få, eller om dette er trang forhud (og ikkje noko anna), når jeg ikkje kan undersøke deg sjølv.
Eg vil derfor rå til at du går til fastlege eller lege ved helsestasjon for ungdom med dette. Der kan du få ein sjekk og eit konkret svar på kva dette er. Og om du treng det, får du riktig behandling av legen.
Det fins god behandling mot trang forhud, så eg har stor tru på at dette kjem til å bli betre når du får hjelp av lege.
Alt godt og lukke til videre! Vennleg helsing lege, ung.no
Besvart: 16.4.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


