Spørsmål og svar

Har ete to terninger. Kva gjer eg no?

Gutt, 20

Hei, jeg åt to terninger (1,6cm) 5-6 dager siden. Jeg veit ikkje hvorfor jeg gjorde det, men her er jeg. Eg vil ikkje gå til sjukehuset for det er så rart pga familie og folk på jobb vil finne ut av det. Kan det vere farlig? Jeg har søkt rundt flere dagar nå, og det står at jeg teoretisk sett kan ete ting som er opp til 2,5cm i diameter men jeg vil ha noko bekreftelse eller råd over hva jeg bør gjøre. Hjertelig takk

Svar

Hei kjære deg.

Du har ete to terningar.

Det er ikkje uvanleg å få i seg terningar (små born gjer det ofte, dei et små ting som dei finn). Sjølv om du gjorde dette "med vilje", gjeld dei samme reglane:

Som regel kjem terningane ut av seg sjølv. Ein bæsjer dei ut ein eller fleire dager seinare. Dette er som regel heilt ufarlig, og ein blir ikkje sjuk av det.

Så du kan kike etter i avføringen din, om du ser terningane. Dei kan vere gøymd inni avføringen, slik at du ikkje ser det på utsida av avføringa.

Hvis det no har gått 5-6 dagar alt, er det ganske sannsynleg at terningane har kome ut allereie.

Vi på ung.no kan ikke gi konkrete råd om behandling i enkeltsaker. Så eg kan dessverre ikkje seie nøyaktig kva du bør gjere her, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Men generelt gjeld desse råda: Terningar kjem som regel ut av seg sjølve. Viss ein derimot skulle få magesmerter eller mageplager eller andre symptom, eller ein kjenner seg sjuk eller dårlig, bør ein kontakte lege. Ein kan då kontakte fastlege eller legevakt. Der vil ein få meir svar.

Om du synest det er flaut å seie at du har ete to terningar, tenkjer eg at du ikke treng fortelle alt, om du kontakter lege. Då kan du f eks seie at du vil eit uhell har fått i seg terningane (at dei låg gøymt i noko mat, at du åt noko godteri eller oppkutta mat uten å sjå kva som faktisk var på tallerken e.l.) Det viktigaste er AT ein kjem seg til lege når ein treng det, ikkje at ein forteller alle detaljer, tenkjer eg. Når det er sagt, så har legar og helsepersonell teieplikt, og seier ikkje ting vidare.

Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no

Besvart: 24.2.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål