Tok ei klinkekule i rumpa og den kom ikkje ut igjen. Kva skal eg gjøre?
tok ein klinkekule i rumpa og den kom ikkje ut igjen, jeg kjenner den når jeg promper hva skal jeg gjøre?
Hei!
Ein bør alltid gå til lege dersom ein har putta/fått noko i rumpehullet som ikkje kjem ut igjen av seg sjølv. Då bør ein ringe legevakta (eller sin eigen fastlege på dagtid).
Ei klinkekule (dersom det er ei vanleg, lita klinkekule), kan ofte kome ut av seg sjølv, når ein bæsjar.
Det første er å sjå om den kjem ut med avføringa. Då kan ein legge noko i toalettet (papir, noko anna som hindrar av bæsjen fell for langt ned) før ein bæsjar. Slik at ein kan fange opp bæsjen og undersøke den. Det kan verke litt ekkelt, men ein kan bruke plasthansker og noko å pirke med, og vaske seg godt etterpå. Klinkekula kan vere “gøymd” inni bæsjen, så det er lurt å sjekke inni bæsjen etter den.
Men om kula ikkje har kome ut, bør ein gå til lege for å få hjelp!
Dersom ein absolutt ikkje vil det - kan ein prøve forsiktig (!) å få den ut sjølv. Dette er ikkje noko ein eigentleg anbefaler! Men av erfaring prøver mange å først få ut ting sjølv. Kun derfor skriv eg litt om det her, for å unngå at du skadar deg meir enn nødvendig.
Ein kan - svært forsiktig - forsøke å få ein finger inn i rumpehullet. Ikkje bruk andre gjenstander - då kan du skade rumpehullet og tarmen din!
Ein må aldri presse eller trykke ein finger eller noko anna hardt i rumpehullet! Det kan gi varig skade. Dersom det er vondt å føre noko inn - må ein stoppe. Så ein bør bruke krem, vaselin eller liknande, og svært forsiktig prøve å få ein finger inn. Då kan ein “leite” innanfor rumpehullet etter kula, og forsøke å lirke den ut.
Mange har erfaring med å bruke fingrane til å få ut hard avføring - dette blir litt den same metoden. Men denne måten må ein bruke mykje tid på, og ein må alltid bruke godt med glidemiddel/krem osv, slik at det ikkje blir sårt og vondt.
Rumpehullet kan utvide seg ganske mykje når det er avslappa og trygt. Det betyr at ting ikkje må skje brått, og det må ikkje vere hardt, eller tørt.
Så ein kan også prøve å smøre inn rumpehullet med vaselin/krem e.l. før ein skal bæsje og ta seg tid når ein skal bæsje. Siden du ønsker å få ut klinkekula, bør du prøve å ikkje “halde tilbake” dersom du kjenner at det kjem noko ut - med mindre det er veldig vondt! Ved smerter bør du gå til lege/legevakt!
Men viss kula er den vanlige størrelsen, vil den fint kunne passere rumpehulllet uten å gi skade. Men rumpehullet kan også trekke seg saman, dersom ein blir redd. Ein kan også prøve å hjelpe til med ein finger i rumpehullet mens ein bæsjar, for å prøve å få kula ut med bæsjen.
Ei lita klinkekule skal kunne kome ut av seg sjølv med bæsjen, evt med litt hjelp av ein finger og vaselin osv. Dersom du får ut avføringa ca som vanleg, og ikkje blir forstoppa, er det truleg ikkje akutt farlig. Men kula bør ikkje bli verande der, det er ikkje bra.
Ein bør ikkje prøve mange gonger etter kvarandre. Dersom du ikkje får ut kula, bør du gå til lege.
Mange kvier seg for å ta kontakt med lege ved slike ting. Men - det er faktisk ikkje uvanleg at folk (kanskje særleg menn, men også kvinner) går til legen fordi dei har satt fast noko eller “mista” noko i rumpehullet.
Ein treng ikkje fortelle legen alt, om ein ikkje vil. Så dersom det må til for at ein skal tørre å kontakte legen, kan ein godt seie til legekontoret/legevakts-telefonen, at ein har veldig vondt i rumpehullet e.l. Så kan ein seie meir til legen når ein er på tomanns-hand. Ein bør jo ikkje lyge, men det viktigaste er at ein kjem seg til legen! Ikkje nøyaktig kva ein forklarer.
Leger veit at dette er eit vanleg uhell, og dei kan hjelpe. Legar har også full tausheitsplikt/teieplikt.
For ein lege vil det truleg ikkje vere så vanskeleg å få ut ei klinkekule. Medisinsk sett skal det ofte ikkje så mykje til, og ofte kan ein få ut slike små, glatte ting, på eit legekontor/legevaktskontor. Ein treng ikkje alltid dra til sjukehuset.
Dersom du får smerter i magen, ved rumpehullet, du blir kvalm, får oppkast eller blir generelt dårlig eller syk, må du ringe legevakten straks! LEgevakt har nasjonalt tlf. nr 116 117.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 3.10.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


