Spørsmål og svar

Kan jeg ha fått diare pga rå kylling? Hva kan legen gjøre med det?

Gutt, 15

Hei… Mamma steikte kylling og noke hadde ho lagt til siden med krydder på. Eg trudde den var ferdig og puttet ein bit i munnen. Svelget ikkje eller noke, men straks etterpå i mens eg hadde kyllingbiten i munnen så spurte eg ho om det var rå kylling. Ho sa ja og sa eg måtte få det ut med ein gang så eg spyttet den ut og renset med munnskyll. Leste på nette at eg måtte være obs på diaré. Dagen etterpå ca 20 timer etterpå har eg diaré kva bør eg gjere? Og kva kan legen gjere om eg må til det?

Svar

Hei kjære deg.

Ein KAN få diare av å få bakterier frå rå kylling i seg. Dette er faktisk ikkje så uvanleg.

Diare etter å ha blitt smitta av rå kylling, kjem ofte etter ca 2 døgn, men kan også komme etter 1 døgn. Så du er kanskje akkurat på grensa med 20 timar.

Eg kan ikkje seie sikkert om din diare kjem av rå kylling, eller om den kjem av noko anna, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Viss ein blir sjuk eller får diare av rå kylling, kallar ein det campylobacteriose, eller å ha blitt smitta av campylobacter-bakterien.

Nokre få kan bli dårlege av dette, og til dømes få diare som varer for lenge, eller dei kan få ei så kraftig diare at dei blir uttørka og dårlege. I desse tilfella fins det antibiotika som legen kan gi. Men oftast er ikkje det naudsynt. For campylobacter-smitte går som regel over av seg sjølv. Så sjølv om det kan være ubehageleg, er det heldigvis ikkje veldig farleg .

Så eg tenker at dersom du blir veldig dårleg av dette - dersom du ikkje får i deg nok drikke, du blir dårleg elles - så ring legen. Dersom ein er i tvil om kva ein skal gjere, er det best å ringe legevakta for sikkerheits skuld. Då får ein råd og hjelp vidare (og medisiner, om ein treng det).

Det ein kan gjere sjølv, ved diare, er å prøve å få i seg nok drikke; drikk ofte og lite. Og nokre klarer å få i seg til dømes tørre eller salte kjeks, så det kan hjelpe.

Så oppsummert: diareen KAN skuldast bakterier fra rå kylling. Hvis diareen ikkje går over, du blir dårleg, eller viss du er i tvil, så kontakt legevakta. Der får du hjelp.

Eg ønskjer deg riktig god betring! Venleg helsing lege, ung.no

ngen. Noen klarer å spise f eks salte kjeks e.l. Man bør også vaske seg ekstra godt etter å ha vært på do og før man lager mat, så det ikke smitter til andre i familien.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 13.9.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål