Spørsmål og svar

Har både spydd og hatt diare. Hvor lenge kjem eg til å vere sjuk?

Jente, 17

Eg har fått omgangssyka startet med at eg ble kvalm også spydde eg 5 ganger den natten dagen. 2 dag va eg fin, spiste bare litt lite men var ikke kvalm. Så på 3 dag spise eg som vanlig men på kvelden ble eg kvalm igjen. Nå på 4 dag e eg kvalm og har hatt diaré 5 ganger og klokken e bare snart 2 på formiddagen. Eg prøver å drikke vann men eg får diaré ikke lenge etterpå og da kommer alt ut igjen. Er veldig kvalm og har ikke lyst til å spy. Kjenner at magen er tom og vil gjerne spise noe men vil ikke spy. Hva kan eg gjøre? Og hvor lenge kommer eg til å være syk?

Svar

He!

Det var leit å høyre at du har fått omgongssjuka. Dette kan vere veldig ubehageleg å ha, med både kvalme, svolt og at ein er veldig sliten.

Omgongssjuka skuldast eit virus, og går ofte over av seg sjølv innan få dagar.

Det er dessverre ingen fasit på når eksakt du vil bli frisk att. For dei fleste tek det nokre dagar- ei veke. Dårleg mage (men ikkje fullt ut diare) kan vare litt lenger enn oppkast og full diarè.

Du er no på dag 4, og har hatt ei forverring.

Det er ikkje så mykje ein kan gjere med dette sjølv, enn å vente på at det går over. Det er viktig å prøve å få i seg drikke/væske og litt mat, om ein klarer. Det er lurt å ta veldig små slurkar, så det kanskje held seg nede. Ein kan prøve med salte kjeks eller noko anna smått og tørt. Unngå helst melkeprodukt.

Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser eller gi konkrete behandlingsråd. Og vi kan heller ikkje erstatte vanleg eller akutt legehjelp.

Så om dette ikke går over i løpet av eit par dagar (blir mykje betre), eller viss du ikkje får i deg nok væske - og særleg om du blir veldig dårleg i forma generelt - bør du kontakte legevakt, evt fastlegen om du får tak i.

Ein kan kontakte legevakta for råd også - det er ikkje alltid ein treng kome på time. Det kan legevakta avgjere når ein tek kontakt, dei vurderer kva du treng.

Les gjerne meir om omgangssjuka her.

God betring til deg!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 28.12.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål