Har vore sjuk og klarer no ikkje gå. Hva kan eg gjere?
Jente, 15
Hei, jeg har vert sjuk i 3 dager no. Jeg hadde 40 i feber dei 2 siste dagene, no er det laurdag og for en eller anna grunn klarer ikke jeg nesten ikke å gå, leggene mine har på èin måte låst seg, musklene altså, det gjer mest vondt i musklane under kneet, og jeg klarer ikke å strekke ut beina å heller ikkje å ta mange skritt uten å måtte gå på tå, jeg lurer på om det er nokke jeg kan gjer? Jeg spiller fotball, og om 2 dager har jeg en viktig kamp! Plis fortell meg om nokken øvelser jeg må gjennomføre for å klare å springe igjen, og kor lenge jeg ikkje kommer til å greie å gå!
Svar
Hei kjære deg.
Det var leit å høyre at du har vore dei siste dagane.
Du skriv at du ikkje klarer å gå, utan å gå på tå.
Det er vanskeleg for meg å seie noko sikkert om kvifor det er sånn, og kva ein kan gjere med det, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.
Men eg tenker at det godt kan ha å gjere med feber og sjukdommen du har no. Særleg virus ein får, kan gi mykje smerter i ledd og musklar. Så muskelverk kan gjere at ein ikkje klarer å gå eller bevege seg som vanleg.
Viss det er eit virus (influensa, eit forkjølelsesvirus e.l.) som forårsaker dette, må ein berre vente til det går over. Då vil det ikkje vere særleg hjelp i øvelser, fordi det jo ikkje er noko gale med musklane eller ledda. Det er "berre" det at virus ofte "angrip" musklar og ledd og gir smerter. Det er som regel heilt ufarleg og går over av seg sjølv når ein blir frisk att.
Så eg kan dessverre ikkje kome med øvelser eller andre konkrete behandlingsråd. Det kan vi på ung.no ikkje gjere, og det er uansett vanskeleg å gi gode råd, når vi ikkje veit sikkert hva årsaken er.
Men hvis du ikkje klarer å gå som normalt, og du har store problem med å strekke ut beina, bør du få ein legesjekk.
Vi på ung.no kan ikkje erstatte vanleg eller akutt legehjelp. Ved akutte eller alvorlege problem, må ein kontakte fastlege eller legevakt.
Så eg vil råde deg til å kontakte legevakta (tlf nr 116 117) og få meir hjelp. Dei kan seie om du treng behandling eller om du må ta tida til hjelp her.
Så skjøner eg at det er veldig dårleg timing at du vart sjuk og dårleg no, like før ein viktig kamp! Ein kan ikkje seie noko konkret om når du vert heilt frisk - dette varierer mykje. Det kan ta nokre dagar. Du har jo alt vore sjuk nokre dagar, og forhåpenlegvis er dette eit virus eller noko som går over raskt, slik at du kjem deg til att. Det er uansett ikkje lurt å presse seg eller ta seg heilt ut (trene eller spele hardt) med virus i kroppen. Så du kan godt spørre legen om du kan spele kamp, eller kva du bør gjere.
Riktig god betring, og eg håper det ordner seg for deg!
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 1.2.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

