Spørsmål og svar

Fekk veldig vondt etter å ha drukket alkohol. Er det farleg?

Gutt, 17

Hei drakk vodka i går. Har altid god kontrol når eg drikker har aldri spydd av det faktisk. De eg tenker på trur eg har skjedd 2 ganger nå. men som i går låg eg meg i sengs ganske full. våknet opp, og sann eg husket det, vill eg tru eg hadde vondt så og si overalt, hadde panikk i eit minutt, drakk litt vatn men sluknet ikkje lenge etter. Er jo på isotretonin for tiden, kanskje det er det som gjør ? har tatt blodprøve 2 ganger og er snart ferdig på kuren og har fått ingen beskjed om at blodprøven var dårlig. men har drukket ganske jevnt siden eg begyne. Har drukket i gjennomsnitt en gang i månen siden eg begynte på isotretonin

Svar

Hei kjære deg.

Du har drukke alkohol nokre gongar no medan du har stått på Isotretinoin.

No har du vakna opp med vondt i heile kroppen.

Det er ganske vanleg å bli dårleg av å drikke. Særleg om ein drikk mykje eller drikk sterk alkohol. Vodka er veldig sterk alkohol, og då kan det vere vanskeleg å styre inntaket (sjølv om ein trur ein har kontroll). Då kan ein bli «fyllesjuk». Det er det ein ofte kaller det folkeleg, når ein er dårleg, kvalm, uvel, har hodepine og kjenner seg elendig etter å ha drukke for mykje.

Eg kan ikkje seie så mykje sikkert om di helse når eg ikkje har undersøke deg sjølv. Men eg tenker at i seg sjølv er det ikkje uvanleg å ha smerter når ein vakner etter ein fest. Også om ein ikkje har hatt det før - det kan variere (og vere uflaks) om ein brått blir dårleg.

Viss ein står på Isotretinoin, bør ein vere ekstra forsiktig med å drikke alkohol. Ved ein heilt kortvarig smerte kan det vere vanskeleg å vite. Men ved sterke eller langvarige smerter bør ein oppsøke lege.

Viss ein blir veldig dårleg, viss ein ikkje vakner (og andre blir urolege), viss ein har smerter som ikkje går over - då bør ein kontakte lege/legevakt. Ein bør også kontakte lege om ein er bekymra eller vil ha eit konkret svar.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 2.4.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål