Spørsmål og svar

Korleis komme vidare etter eg slår opp?

Jente, 16

E ei jente på 16 år. I fjor (2021) januar holdt eg på me ein fyr de endte me at han hadde totalt brukt meg å gjort alt får eit ligg eg blokka fyren. vi snakka ikkje på mange måna eg va heilt knust, så fann eg ein ny så eg var i eit forhold me i 3 måna, men samt så små tenkte eg på han forje, så vart de slutt mellom meg å typen fårdi han hadde følelsa får ei anna å va masse fram å tebake. så kom han andre fyren tebake å sa unnskyld å alt sann tok tid før eg stolte på han. vi holdt på men så kom de te eit titspunkt der han va usikker kvar gong tema kom opp så va han usikker, å eg e jwl gla i fyren så de såra veldig. han va ærlig me meg på alle mulige måta men te slutt måtte eg skrive te na at de va best vi va venna, fårdi eg viste de va de han eigentlig ville, men de såra meg så kraftig får eigentlig ve eg vere i eit forhold me fyren, eg savna å vere me han sjøl om vi e venna ekkje de det samme å eg veit ikkje kva eg skal gjer.

Svar

Hei! Det høyrest ut som at du har opplevd litt av ei berg- og dalbane av kjensler i året som har gått, og det verkar som at du er godhjerta og gir ein sjanse til gutane, men også at du tek vare på deg sjølv og seier når nok er nok. Det er veldig viktig.

Eg forstår godt at du lengtar etter å vere nær denne guten, og spesielt når det har vore så mykje fram og tilbake trur du kanskje at ting kunne vore bra. Det er veldig vanskelig å gjere seg ferdig med noko når det kjennest ut som at ting er usagt mellom dykk, og de framleis har kontakt, sjølv om de ikkje lenger er saman. Du er usikker på han og det var nok best at det vart avslutta då det kjennest best for deg.

Det einaste som hjelper for å komme over nokon er tid, og det er det du må gi. Det er heilt vanleg at du saknar han og tenker på om du gjorde det rette eller ikkje, men etterkvart kjem du til å tenke mindre og mindre på dette og kanskje føle meir på dei tinga som ikkje fungerte. Når han behandla deg dårleg ein gong, kunne jo det hendt fleire gonger. Dersom det hjelp kan du slutte å følgje han og ha mindre kontakt, slik at du tenkjer mindre på han. Dersom du har latt det gå tid og du kjenner at du verkeleg vil prøve på nytt, er det ingenting galt i å berre sende ei melding.

Lykke til!

Besvart: 5.1.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål