Spørsmål og svar

Kan cøliaki gi meg magesmerter og luftplager?

Jente, 13

Hei Eg har cøliaki og har hatt det siden 4.klasse og no går eg i 8 klasse. Eg sliter mye med ond og litt løs mage noen ganger. Egentlig veldig ofte. Også noen ganger får eg mye luft. Vet ikke om dette har noe med cøliaki men har lest at det kan være det. Var hos legen og tok blodprøver for noen uker tilbake og cøliakien va stabil men eg mangler nesten alle vitaminene. Kan eg få noen tips til når eg får ondt i magen sånn at eg klarer og komme meg enklere gjennom dagene? Hilsen jente 13 år ( helst ingen artikler)

Svar

Hei!

Du har cøliaki.

Eg kan ikkje seie sikkert kvifor akkurat du har desse mageplagene dine. Det kan eg ikkje seie når eg ikkje kan undersøke deg sjølv. For dette kan ha fleire årsaker.

Men typiske plager for cøliaki er nettopp løs mage/diare, luft i magen og vondt i magen. Så ein kan godt tenke seg at plagane dine kjem av cøliaki.

Du spør korleis du kan få mindre vondt i magen. Sidan smertene dine kanskje kjem av cøliaki, trur eg løysinga er at ein må kontrollere/regulere cøliakien betre. For då gjer ein noko med årsaka til smertene dine.

Du fortel at du var hos legen for ikkje så lenge sidan. Sjølv om ein då såg at cøliakien var stabil, kan ein ha smerter og plager likevel. (Det er ikkje berre blodprøvene som fortel om ein sjukdom er stabil. Også smerter og plager fortel om sjukdommen til nokon er stabil.)

Så det kan hende at ein kan prøve å regulerer sjukdommen/cøliakien betre, og dermed gjere slik at du får mindre plager.

Så mitt beste råd må vere at du går tilbake til legen din. Der bør du fortelle nøye kva du plagast med og korleis det er med magen. Du bør også seie kva dette gjer med skulen og kvardagen din. Det er slikt som legen skal ta hensyn til og prøve å hjelpe deg med.

Og hvis smertene dine kjem av noko anna enn cøliaki, kan legen hjelpe deg med det også.

Eg trur ikkje det er noko andre råd som kan hjelpe (anna enn å ha eit normalt sunt, og glutenfritt kosthold), eller noko anna du kan gjere sjølv. Så gå til legen, så får du meir hjelp der.

Mykje lykke til og god betring!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 11.2.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål