Spørsmål og svar

Har problemer med tissingen og med smerter i magen. Hva gjør jeg?

Jente, 14

Hei, ganske flaut, men når eg må plutselig tisse så klarer eg ikkje komme meg til doen i tide og eg tisser på meg. Og når eg kommer til doen så kommer det sånn ein dråpe så får eg etter på sinnsyke smerter til høyre nede i magen. Og eg har aldri i livet fått så vodt i magen nokon sinne. Det er ubeskrivelig kor vodt det er og varer alt ifrå 1 min til ein time. Har hatt det i perioder også går det over i sånn ein måned så kommer det tilbake igjen. Eg hadde ein episode idag der eg fikk sykt vodt i magen kjempe lenge og spydde opp fleire ganger og klarte ikkje bevege meg. Eg vil ikkje seie ifrå til mor siden eg vil ikkje til fastlegen fordi eg liker han ikkje pga noko som sjedde. Eg vil bare finne utav om det er alvorlig eller om det ikkje er farlig å ha sånne smerter at eg bare må holde ut.

Svar

Hei kjære deg

Du har problem med tissinga - at du tisser på deg og at du får vondt når du tisser. Dette høyres ikkje heilt bra ut.

Men her kan det vere fleire årsaker. Det kan f eks vere blærekatarr/urinvegsinfeksjon eller noko anna med urinvegane (urinrøret, blæra osv). Det kan også skuldast andre forhold i underliv eller mage.

Eg kan ikkje sei sikkert kvifor det er slik hos deg, når eg ikkje kan undersøke deg sjølv.

Men eg lurer på om du har fått mensen enno, og om mensen er normal? Sidan du skriv at dette skjer med ca ein månads mellomrom? Det er ikkje så veldig vanleg, men nokre jenter har "unormal" mens eller noko annarleis i underlivet, som skjer at dei får veldig sterke smerter når dei skal ha mensen.

Sidan eg ikkje kan seie deg kva dette er, synes eg du bør gå til lege. Du skriv at du ikkje vil dit pga noko som skjedde. Eg veit ikkje kva dette var - men eg håper at legen uansett oppførte seg fint og høfleg, og at det ikkje skjedde noko ille då du var hos legen? Viss legen ikkje oppførte seg fint, kan ein klage på det - og/eller ein kan bytte fastlege.

Du kan også gå til ein annan lege om du ikkje ønsker fastlegen. Du kan f eks gå til lege ved Helsestasjon for ungdom. Og om du har sterke smerter, kan du godt gå til legevakta med dette (der er det truleg fleire legar som byttar på, og sjansane for å få "din" lege er mykje mindre). Ein BØR gå til lege med sterke magesmerter eller underlivssmerter - så det bør du gjere.

Eg kan ikke seie om dette er alvorleg eller ikkje. Men ein skal ikkje ha så sterke smerter! Det er heller ikkje normalt å lekke urin eller å ha så vondt! Så du bør absolutt gå til lege! Eg har stor tru på at du kan få hjelp, slik at du ikkje treng å ha så vondt. Det treng ikkje vere alvorleg (men KAN vere det), men ein skal alltid få slike smerter undersøkt og behandla!

Eg ønskjer deg alt godt og god betring!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 12.3.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål