Spørsmål og svar

Hadde sex, og tissa blod og er tissetrengt. Bør eg seie frå eller til lege?

Jente, 16

Eg har hatt sex to ganger no for første gang. 1. gangen var ganske vond og eg hadde ildt i underlivet etterpå og det var sårt men det vart bra igjen. etter andre gang hadde eg ikkje vondt og under økta var det mykje betre. Vi bruke og kondom og eg går på p-pille. Eg hadde det på lørdag. Men når eg var på do eine dagen etter eg tissa og tørka meg såg eg litt blod på papiret men tenkte ikj meir over det. Dagen etter tisset eg blod men utover dagen gjorde eg ikkje det lenger berre eg spg litt hint til rødfarge på papiret når eg tørka meg. Eg skjennte og når eg tissa blod ar eg følte eg måtte tisse heile tida og ein litt rar følelse når eg tissa. Slik er det ikkje nå, kanskje litt mer tissetrengt en vanlig men langt i fra slik det var. Eg leste på nettet at det kan minneom urinvegsbetendelse men det har jo på ein måte nesten gått heil bort symptoma. Burde eg sei det til mamma eller gå til lege eller gåt det fint nå. Vil sleppe styr og siden utinvegsbetnedelse ofte kjem av sex er det flaut.

Svar

Hei kjære deg.

Det er, som du skriv, ikkje uvanleg å få urinvegsinfeksjon etter sex. Dette fordi bakterier i underlivet "blandes" under sex, og bakterier rundt rumpehullet kan komme lenger fram og gi betennelse i urinrøret.

Det kan hjelpe å tisse kort tid etter sex (drikk noko, om du ikkje må på do), eller at ein vasker seg i underlivet etter sex. Men ofte går dette seg til etterkvart som ein bli van med å ha sex, eller når ein har sex med same partner.

Typiske symptom på urinveginfeksjon (uvi) er å vere tissetrengt ofte, men at det ikkje kjem ut så mykje, og svie og smerter ved tissing. Også raudfarga urin. Uvi kan gå over av seg selv, og er ikkje farleg i seg sjølv. Så dersom det ikkje er for ille, kan ein sjå det litt an. Men mange kvinner går til lege fordi det er så ubehageleg. Med antibiotika på resept blir ein raskt betre og fort frisk.

Men uvi kjem ikkje berre etter sex! Det kan også komme "av seg sjølv" og somme meiner det får det om dei går med vått tøy, bader/symjer, er kalde osv. Så ein treng ikkje mistenke at du har hatt sex, fordi du har uvi!

Som nemnt treng ein medisinsk sett ikkje oppsøke lege dersom plagene ikkje er så ille, og ikkje viss dei gradvis går over. Dersom det ikkje vert betre, dersom det er ille, eller viss ein får feber eller sterke smerter, MÅ ein til lege!

Eg kan ikkje seie sikkert hva du har eller ikkje, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv. Plagene dine kan også ha andre årsakar.

Så om du er i tvil, eller om dette vert verre/ikkje forsvinn, bør du gå til lege. Du treng ikkje samtykke frå foreldre for det, og sidan du er over 16 år, er du helsemessig myndig og dei får ikkje vite kva du og legen pratar om, eller evt reseptar du får. Så du kan gå til lege på eiga hand og i hemmlegheit også. Men ein kan jo også oppgi anna grunn til foreldre, eller skulde på noko anna. Sjølv om det er fint å vere ærleg, så må ein få bestemme sjølv kva ein vil dele om helsa si. Men hugs at uvi ikkje betyr at ein må ha hatt sex!

Ein kan gå til legevakt, fastlege eller lege ved helsestasjon for ungdom.

God betring!

Ein

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 1.1.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål