Spørsmål og svar

Har senebetennelse for andre gong. Bør eg gå til lege?

Jente, 20

Hei Eg har fått senebetennelse for andre gang i samme hand. Eg har ei støtte som eg bruker. Pappa har kronisk senebetennelse og eg trur eg har arva det frå han? Eg jobber og i barnehage så det er vanskelig å ha håndleddet heit i ro. Eg har ikkje vert hos legen enda men lurer på om eg bør det?

Svar

Hei kjære deg.

Senebetennelse er ikkje ein sjukdom ein kan arve. Men senebetennelse er så vanlig å ha, at fleire i samme familie godt kan ha det samtidig. Det har meir å gjere med kva ein gjer, og jobbar med.

Senebetennelse kjem (enkelt sagt) av at ein overbelastar eller feilbelastar ei sene. Då vert den irritert og betent. (Kanskje litt som eit "indre gnagsår", eller at huda kan bli raud og irritert viss ein gnir mykje på same stad, har feil sko som gneg på ein plass osv).

Den aller beste behandlinga og det som verkar best mot senebetennelse er å halde sena i ro. Å ikkje gjere den bevegelsen som gjer vondt. Litt same som ein ville unngått å gå med same sko som ein fekk irritasjon og gnagsår av. Om ein ikkje kan halde sena/handa heilt i ro, bør ein uansett avlaste og kvile sena/området så mykje som mogleg.

Det å ha ei skinne kan hjelpe. Men også tabletter, fysioterapi og anna kan hjelpe. Eg kan ikkje seie kva som er best behandling for deg, når eg ikkje har undersøkt handa di sjølv.

Eg tenker at du bør gå til lege, særleg sidan dette er andre gongen du har dette. Der kan du få ein sjekk og konkrete råd og evt. behandling vidare.

God betring!

Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no

Besvart: 20.2.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål