Alt kjæresten min seier og gjer irriterer meg.
Gutt, 18
Hei, jeg har hatt kjæreste i 1,5 år nå. Me har gått igjennom litt tillitsbrudd (hennes actions). Så eg har synst det har vert vannskelig men eg har valgt å bli. Men nå er det sånt at alt hun seier, gjer og ikke gjer irriterer meg… Slitsom det er sånt, grunnen eg blir er for eg er så glad i henne og vil ikkje misste henne. Men nå er alt bare irriterende for meg. Hva kan jeg gjere for å fikse dette?
Svar
Hei!
Takk for at du deler dette med oss!
I første omgang kan det kanskje hjelpe om du får situasjonen litt meir på avstand? Om du har moglegheit til å vere litt mindre med ho utan at ho blir bekymra, kan det vere lurt. Kan du leggje planar med nokon andre, eller setje av litt tid for deg sjølv? Då kan du få tid til å merke om irritasjonen er noko som held fram, eller om han dempar seg. I tillegg er det lettare å reflektere om du får tatt eit skritt tilbake.
Kjenslane våre prøver ofte å fortelje oss noko. Kanskje du kan prøve å reflektere litt over kva som eigentlig gjer deg irritert? Handlar det om det tillitsbrotet du fortel oss om? Eller er det noko usagt mellom dykk, som du bør ta opp med ho?
Andre gonger kan vi bli meir irriterte på dei rundt oss om vi til dømes er slitne, stressa eller søv for lite, så det treng ikkje alltid ha noko å gjere med den vi er irritert på, heller.
Om du får nokre tankar du vil dele etter du har sett saken litt på avstand óg, kan du gjerne sende oss eit nytt spørsmål, så skal vi hjelpe deg vidare som best vi kan<3
Ønskjer deg alt godt!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 19.4.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål