Spørsmål og svar

Bekymra for VGS og korleis skal eg halde kontakt med venane mine?

Jente, 16

Hei! Eg skal begynne på vgs til høsten og eg gruer meg eigentleg ganske mykje til det. Eg er litt bekymra for at eg har valgt feil vgs. Eg angrer eigentleg på at eg sa nei til ein Anna skule eg fekk tilbod av… men eg får nok dessverre ikkje gjort noke med det no. Har du nokon tips til korleis eg kan lsm «Get over it»? Men det eg og lurte på var om korleis eg kan holde kontakten med venner etter ungdomsskulen? Eg skal flytte på internatskule så det blir litt vanskeligere å møtes så ofte, men eg veit heilt ærlig ikkje ka eg skal sei på mld. Eg ønsker å ta initiativ til å snakke og sånn, men ka snakker man liksom om? Det blir litt rart å alltids starte med «hei ka gjør du på» lurte også på ka eg kan gjøre med venner som eg ikkje kjenner så godt enda, når eg inviterer til å henge, ka kan me finne på? Takk for svar!

Hei

Så fint at du skriv til oss i Ung.no når det er noko du lurer på.

Eg tenkjer at det du føler på no er heilt normalt når ein i utgangspunktet hadde to gode alternativer og måtte ta ett val. Mange kan føle på å angre eller bli usikker på om ein tok det riktige valet, og ein veit eigentleg ikkje fasit før ein har prøvd det ut. Gi skolen du har valt ein ordentlig sjanse. Dei fleste finn seg til rette raskare enn ein trur.

Om det skulle vise seg at du valte heilt feil, er det mogleg med omval. Dette kan du eventuelt snakke med rådgivaren på skolen om, så vil du få hjelp med å bytte skole (forutsatt at det er ledige plassar).

Dei fleste som flytter etter ungdomsskolen er bekymra for å miste venane sine og ønskjer å halde kontakten. Ofte får ein nye vener på videregåande skole og vidare i livet, og sannheita er at ein statistisk sett ikkje kjem til å omgås ungdomsskolevenane sine så mykje seinare i livet. Du vil få nye venar, interesser og jobb som gjer at du må jobbe for å halde kontakten med dei gamle venane.

Eg synst at det er heilt greitt å berre sende ei melding og spørre korleis det går, som du skriv. Så følgjer ein med på kva som skjer i liva til kvarandre jamleg. Viss du inviterer til å henge, er det lurt å berre gjere dei same tinga som dokker elles har heldt på med saman. Dei venskapa som er gode og verdt å halde på, vil naturleg fortsette etter ungdomsskolen.

Hilsen rådgiver, Ung.no

Besvart: 31.7.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål