Spørsmål og svar

Kva om eg aldri finn ut kva eg vil bli – og ikkje blir rik?

Jente, 14

Heisann! Eg heiter X, læraren min meinar at eg kan bli akkurat det eg vil, med tanke på snitt og karakterer. Eg veit at eg berre er 14 år gammal, og sjølv om eg nesten aldri tenkjar på kva eg har lyst til å bli engster eg meg av og til. Eg har eit motto og det er at eg skal jobbe hardt no for at eg kan velje akkurat det eg har lyst til i VG3, men kva om eg aldri finn eit yrke. Eg har litt lyst til å bli advokat men det virker so boring og dårleg betalt ut. Ka med siviløkonom eller økonom? Nei, pappa er det og han hadde ikkje likt om ej hadde blitt det pluss eg veit ikkje om man blir so veldig rik, pappa blei bare one in a million med tanke på det han har fått til. Ka med lege? Ja, men nei.. det er vanskelig å forklare kvifor det er eigentleg berre litt skummelt og man får eigentleg ikkje so bra betalt for det arbeidet ein gjer, onklane mine er lege og pappa fer meir betalt enn dem sjølv om han er økonom. Poenget mitt er at eg eigentleg er litt redd.. kva om eg aldri blir rik?

Svar

Hei!

Det du skriv om er heilt vanleg å kjenne på, sjølv om det kan kjennast litt skummelt. Du er ikkje aleine om å bli redd for framtida og om du kjem til å få det til.

Det viktigaste først - du treng ikkje vite kva du skal bli no. Du er 14 år, og dei fleste finn det ut mykje seinare - og mange endrar meining fleire gonger.

Eg skjønar godt at du samanliknar med pappaen din. Yrka du nemner, som advokat, lege og økonom, er ofte godt betalte. Samtidig er det store forskjellar også der. Nokon tener veldig mykje, andre mindre. Så det er ikkje slik at eitt val du tek no avgjer om du blir rik.

Du skriv også noko som er viktig: at advokat verkar kjedeleg, og at lege kjennest litt skummelt. Det er faktisk ein god start. Då merkar du allereie noko om kva som passar for deg – og kva som ikkje gjer det.

Det er heilt lov å ikkje ha svaret. Akkurat no held det at du gjer det du allereie gjer: jobbar på skulen og blir litt meir kjent med kva du likar, og kva du ikkje likar. Det er sånn dei fleste finn vegen sin.

Og heilt ærleg - eit godt liv handlar som regel om meir enn berre pengar. Det handlar også om å trivast i kvardagen og ha det bra med det ein gjer.

Dette kjem til å bli klarare for deg, steg for steg.

Med vennlig hilsen

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 4.5.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål