Trur eg har ADHD. Kva skal eg seie til legen - "sjekk meg for ADHD"?
Jente, 18
Hei! Eg trur eg har ADHD. Eg har hatt symptomer i lang tid og personer eg kjenner som har det har også sagt at eg kanskje burde sjekke om eg har det. Men eg veit ikke korleis.. Skal man bare gå til legen å seie ´test meg for ADHD´?
Svar
Hei!
Så fint at du tar kontakt med oss i ung.no når du har noko du lurer på.
Det er blitt ei stor auke i henvisningar for utredning av ADHD både hos barn/ungdom og voksne siste tid. Om dette handlar om ein reell aukning i befolkningen eller om det er auka fokus på diagnosen som har ført til dette er uvisst.
Kva som gjer at du tenker at du har ADHD kjem ikkje fram i spørsmålet ditt. Det er viktig å hugse på at mange symptomer som er vanlige ved ADHD også er symptomer på andre tilstandar. Det er også slik at ein kan kjenne seg igjen i nokon av kjernesymptoma frå ADHD uten at ein har symptomer nok til å innfri ein diagnose. ADHD er ein utviklingsforstyrrelse og symptoma på dette skal dermed ha vore der heile livet.
Det som blir viktig og lurt når du kjem til fastlegen for å be om ei utredning/henvisning med tanke på ADHD er at du beskriver kva symptomer du har og kva funksjonsfall dette har ført til hos deg. Altså på kva måte du tenker at ADHD-symptom påvirkar kvardagen din på negativ måte. Så er det legen som vurderer om det er grunnlag for å sende henvisning vidare til utredning.
Eg ynskjer deg all lykke til og alt godt til deg.
Med beste helsing psykologen
Besvart: 11.1.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål