Vil DPS ta tak i meir enn det eg er henvist for? Korleis gå fram?
Jente, 17
Hei! Eg har vore henvist til BUP et par ganger grunnet spisefortstyrrelse (ortoreksi). Nå har eg fått rett på helsehjelp, men imidlertid blitt videreført til DPS da eg snart fyller atten. På DPS skal eg få utredning og oppfølging Det eg lurer på er om eventuelle andre psykiske lidelser vert oppdaga i utredningen? I samtaler med ROS og helsestasjon har det kommet opp at angst og depresjon kan vere sannsynlig. Personlig mistenker eg også noko anna. Alt fra bipolar lidelse, ocd, adhd eller ein personlegheitsforstyrring. Eg merkar at alt ikkje er som det skal, og at spisefortyrrelsen ikkje kan forklare/vere grunnen til alt eg kjenner på. Må eg vise ønske om å utredes for meir, eller er dei opne for fleire diagnoser i utredningen? Vil ikkje fremstå som hypokonder eller at det virker som eg «vil ha mest mogleg diagnoser». Men vil ikkje at viktige opplysninger skal bli unnlatt eller forbli uoppdaga om det kan hjelpe. Så korleis skal eg gripe fatt denne situasjonen?
Svar
Hei du!
Så flott at du tar kontakt når du lurer på noko. Du stiller relevante spørsmål som sikkert fleire også vil ha nytte av å vite svaret på.
Det fyrste eg tenker er at dette ikkje er noko å bekymre seg for. Du vil få både det vi kallar basisutredning (der ein både kartlegger din historikk/bakgrunn og også ser på ulike symptomer/eventuelle diagnosar) og så kan du få utvida utredning der behandlaren din går vidare med å finne meir ut av dei diagnosane som er eventuelt aktuelle for deg. Då vil det absolutt bli sett på mykje meir enn spiseforstyrrelse.
Det vil også vere heilt relevant og ikkje "hypokonder"-aktig at du tar opp det som du tenker er relevant for deg. Det er faktisk heilt avgjerande for at du skal få god behandling at behandlaren din veit kva som plager deg og korleis du faktisk har det. Det vil kanskje vere typisk å ta utgangspunt i henvisninga du har fått saman med behandler og så kan du legge til det du tenker at ikkje blir dekka av henvisningen. Eg tenker at dette kjem til å gå heilt fint.
Ynskjer deg masse lykke til med både utredning og oppfølginga ellers.
Ha ein god dag!
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 18.3.2023
Oppdatert: 18.3.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
