Kvifor dunkar det i øyret når eg teiknar?
Jente, 15
Hei! Eg liker å teikne men ofte får eg vondt i øyret av det. “Pounding” Dette varer i dager og så stopper og så kjem det igjen men det er berre når eg teikner. Eg har prøvd å gjort bevegelsen uten å væra borti arket men då får eg det ikkje. Det har holdt på slik i mange år. Burde eg fortelje det til legen? Eg har lyst å teikna uten å få vondt i øyret for då konsentrer eg med betre. Helsing Jente (15)
Svar
Hei!
Eg har dessverre inga heilt god forklaring på kvifor det dunkar (pounding) i øyret ditt når du teiknar.
Men det kan kanskje vere at du brukar musklar i eller kring nakken, eller at du ubevisst spenner musklane rundt øyret (altså i nakken, halsen, hovudet osv). Viss ein er stiv og anspent i små eller store musklar kring øyret, kan ein nokon gonger høyre ei "dunking" i øyret.
I det heile teke er det vanskeleg for meg å gje sikre svar på kva denne dunkinga kjem av, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.
Difor tenker eg at du godt kan gå til lege med dette. Der kan du få ein sjekk og eit meir konkret svar på kva dunkinga skuldast. Siden det har vore slik i fleire år, og siden dette øydelegg litt for noko du likar, er det greit å få ein sjekk av det.
Lukke til og god betring!
Alt godt! Vennleg helsing lege, ung.no
Besvart: 13.5.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål