Ørane mine stikk litt ut, og eg føler meg stygg. Tips?
Gutt, 13
Hei eg er èin gutt på egt 11 men kunne ikkje legge det inn ørene min stikker lit utt og føler eg er stygg passer ikkje inn og ville hatt dem lit innover dei stikke cirka 2-5 cm utt har derre noen tips?
Svar
Hei.
Så fint du skriv til oss på ung.no
Eg forstår at dette verkeleg plagar deg. Men hugs at andre legg mykje mindre merke til slike ting enn det du gjer.
Ein person med dårleg sjølvkjensle kan ofte føla seg mislykka, stygg - eller at ein aldri er bra nok. Kanskje samanliknar ein seg med andre heile tida. Det betyr ikkje at dette er sant.
Du er god nok som du er, fordi du er deg, heilt uavhengig av om øyra dine stikk litt ut.
Det betyr heller ikkje at du ikkje skal få hjelp om dette går utover sjølvtilliten din, men det er viktig å tenkja over likevel.
I forhold til operasjon av øyra, så er dette mogleg å få gjort i det offentlege. Om ein skal få gjort ein slik operasjon er alltid ei individuell vurdering som blir gjord av ein kirurg. Det er altså ikkje mogleg og gi noko klart svar på om du vil få dette eller ikkje. Men det finst nokre generelle kriterium, desse handlar i hovudsak om at øra må stå nok ut til at det er grunn for operasjonen.
Det viktigaste du kan gjera er å snakka med ein vaksen du stoler på om korleis du har det, slik at du kan få hjelp til å føla deg betre.
Du kan snakka med foreldra dine, helsesjukepleiar, eller ein annan voksen du stoler på.
I første omgang tenkjer eg det viktigast er å jobba med at du er god nok som du er.
Øv deg på å sjå etter det du liker ved deg sjølv, i staden for det du er mindre fornøgd med. Forsøk å ikkje samanlikna deg så mykje med andre. Kroppar er ulike og det er bra.
Les gjerne meir i artiklane under.
Ønskjer deg alt godt.
Vennlig hilsen Helsesykepleier
Besvart: 1.4.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



