Spørsmål og svar

Eg tok testar på nettet som sa eg hadde autistiske trekk. Kva gjer eg?

Jente, 15

eg veit ikkje om dette spørsmålet kjem til å gi meining, men eg veit ikkje heilt kva eg skal gjøre. eg har at ein anelse om at eg må ha ett eller anna som ikkje har fått diagnose på, so eg gjekk på google og bare søkte opp litt forskjellege tester på adhd og autisme og litt sånt. eg veit at eg ikkje burde tru på internet for masse, men eg fekk fleire resultat på at eg hadde ein del autistiske trekk. eg veit ikkje kva eg skal gjere og eg har ikkje lyst til å fortelle noko til mamma og pappa.

Svar

Hei du!

Så fint at du tar kontakt.

Det er også bra at du er nysgjerrig på deg sjølv og ynskjer å finne ut av deg sjølv. Det er ikkje alltid så enkelt å ta opp alt mogleg med foreldre så det forstår eg godt.

Det er viktig for meg å nevne at det ikkje er gode testar på nettet der ein finn ut om ein har diagnosar. Dette fordi ein treng å gjere ein ordentlig utgreiing for å sette ein diagnose og dette må profesjonelle som lege, psykolog gjere. Når ein berre tar testar på nettet så veit ein ikkje kven det er som har lagt ut testane og ein veit ikkje om ein kan stole på dei og det er heller ingen som tolkar testane slik at dei kan bli heilt feil.

Det du kan gjere i staden for å snakke med foreldra dine er at du heller snakkar med nokon andre voksne som du kan åpne deg om med tanke på det du tenkjer at alltid har vore "eit eller anna du ikkje har fått diagnose på" og så også fortelle om kva du blei opptatt av på dei testane du tok på nettet. Du kan til dømes ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller Helsestasjon for ungdom. Begge plassane kan du gå uten å ha med foreldre og du treng ingen henvisning. Det er også gyldig fravær frå skulen.

Eg ynskjer deg berre det beste og ynskjer også lykke til.

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 13.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål