Hater skolen og bryr meg ikkje om karakterer. Depresjon og sosial angst
Jente, 18
Hei eg går vg2 og eg driter i skolen. Eg hater skolen. Eg bryr meg ikkje om karakterer og eg øver aldri til prøver, kunn om det er litt munnleg. Eg sitt aldri å jobber heime med skole. Eg har ingen motivasjon til skole. Eg har ikkje hatt ekte gode venner på skolen på lenge siden ungdomsskolen og eg går i bup pga sosial angst og så vet eg at eg er deprimert og skader meg selv men ikke ofte eller noe. Bare eg som vet om det og klarer ikke å si det. Eg klarer ikkje å ta skole seriøst og om eg gjør det dårlig på en prøve spør læreren mine ofte om eg vil ta den på nytt og at eg kan gjøre det, men er driter i ka eg får på prøven, koffor trur lærerne mine at eg jobber på masse heime og forbereder meg til kvar jævla time pga at eg har angst og vil liksom vere forberedt men ja det vil eg men eg gjør jo ikkje noko «arbeid før timen» kafaen trur dei om meg. Eg er sliten og lei av alt og alle på den skulen. Føler meg dritt og annerledes når lærerne skriver meldinger til meg om mye forskjellig.
Svar
Hei du
Det høyres ut som du har mista heilt motivasjonen.
Du fortel litt om kva det handlar om - blant anna at du føler lærarane behandlar deg annleis og skriv ulike meldingar til deg. Det høyres også ut som at du kanskje ikkje kjenner på mestring verken sosialt eller fagleg. Dette blir ein sliten av og det er lett for å tenke at ein drit i det og ikkje bryr seg. Det kan godt hende det er sant men det kan også hende du bryr deg litt innerst inne og ikkje syns situasjonen er kjekk i det heiletatt.
Når du er deprimert og har sosialt angst så tar dette sjølvsagt mye energi og kapasitet hos deg. Det er ikkje så lett å tenke på fag og bry seg om karakterar då. Kan det hende BUP og skulen skulle samarbeida litt rundt oppfølgingen du får? Kanskje BUP har noen gode råd om kva du bør gjere for å få situasjonen til å gå best mogleg opp. Det går an å få tilrettelegging. Det er sjølvsagt også mogleg å ta ein mindre pause frå skulen og fokusere på å få det betre frå depresjon/angst dersom et er nødvendig.
Det er lurt å drøfte med BUP kva du skal gjere. Dei kan hjelpe inn mot skulen og gi råd om kva som blir lurast.
Ønsker deg berre det beste.
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 25.4.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
