Spørsmål og svar

Eg lengtar heim og likar ikkje lærlingplassen, kva gjer eg?

Jente, 18

Eg har flytta langt vekk frå heimbygda mi for å bli lærling, eg merker at heimlengselen øker og eg mistrivest på jobb på grunn av høgt tidspress som følger til at eg ikkje lærer særlig mykje og eg har ringt inn sjuk ofte sidan eg ikkje føler meg heilt trygg på han eg skal lære av. Eg får beskjed om at eg gjer ting feil, som eg enda ikkje har lært eller er min første gang eg prøver det eg skal gjere på ringen hand. Når eg spør han om hjelp ser han skuffa og sint på meg fordi eg ikkje klarer det eller brukar for lang tid på utføringa av oppgåva. Også når eg må på do må eg gå på dametoalettet som er 10 minutt unda og eg går berre 1 gang, maks 2 fordi han ber meg om ikkje gå på do altfor masse sidan eg brukar litt for langt tid på toalettet, medan han går bak ein busk og gjer sitt fornødige ofte. Nesten 1 gang kvar time.

Svar

Hei!

Takk for at du skriv inn til oss.

Eg forstår at dette ikkje er noen god situasjon for deg. Det er sjølvsagt ikkje godt å kjenne at du både lengtar heim og at du mistrivast som lærling. Samstundes veit eg at du kan få det betre og at det er løysingar.

  • Eg vil råde deg til å ta kontakt med skulen og kontaktpersonen som skal vere rettleiaren din inn i praksis. Her skal du kunne ta opp slike saker som du skriv om. Det nyttar å fortelje om dette fordi du kan bli forstått og staden du er lærling på kan få beskjed om korleis du opplev dagane.
  • Det kan også vere nyttig å snakke med leiaren av staden du er lærling på. Fortel om dine opplevingar. Ein lærlingplass skal også kunne tilrettelegge og hjelpe deg til å meistre faget.
  • Når det gjeld heimlengsla di kan det vere ok å snakke med dei heime om dette. Fortel korleis du har det og snakk saman på telefon. Det gjer at du kan kjenne deg mindre åleine.
  • Når du lengtar heim kan det også hjelpe å gjere noe aktivt. Kanskje kan du ta deg ein tur ut, besøke ein stad du ikkje har vore eller ta initiativ til å vere saman med noen andre. Det kan gje deg små pauser frå heimlengsla.
  • Hugs at det også er heil normalt å lengte heim. Det er mange som kan kjenne seg igjen i det du skriv. Kjensla av å lengte heim kan vere vond. Samstundes kan denne kjensla bli svakare etterkvart som du blir betre kjent på den nye staden.

Lykke til!

Hilsen helsesykepleier, ung.no

Besvart: 13.9.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål