Kva skal eg gjere når eg brått vert kåt?
Gutt, 14
Hei, eg er 14 år og går i 9.klasse men i det siste kjenner eg at eg sliter med det eg tror eg kåthet for når foreksempel en jente med store pupper så stirrer eg masse og det er rett før eg ikkje klare of holde meg og tar på dei og det samme med viss eg ser noen så bøyer seg fram er det rett før eg slår dei på rumpa eller begynner og jokke på dei og disse tankene er veldig deilige når eg skal onanere men eg må stoppe for det er rett før eg eg ikkje klarer og holde meg, så hva skal eg gjøre?
Svar
Hei!
Det du fortel i spørsmålet ditt er veldig vanleg og noko som svært mange opplever i puberteten. Dette er den perioden av livet kroppen endrer seg aller mest, både på inn- og utsida. Ein kan kjenne det som om kroppen koker av hormoner og ein kan bli kåt når som helst og av kva som helst - akkurat slik du skildrer det i spørsmålet ditt.
Og når ein kjenner seg kåt, kan ein få lyst til å gjere noko med det. Nokon kan til dømes få lyst til å ta på den ein blir kåt på. Det er ikkje rart, men likevel ingen god ide. Skal ein ta på nokon fordi ein kjenner seg kåt, må ein alltid sjekke ut om den andre er interessert i at det skal skje. Vil den andre ikkje vere med på det ein har lyst til, må ein berre respektere det.
Det enklaste er ofte det beste. Kjenner ein seg brått veldig kåt, er det heilt ok å gå på toalettet, eller ein annan stad ein kan vere i fred, og onanere. Det gjer at ein kvitter seg med noko av den seksuelle energien ein kjenner på og i tillegg er det deileg med ein orgasme.
Etter kvart som ein vert meir ferdig med puberteten, vil den mest intense kjensla av å alltid vere kåt bleikne og verte enklare å takle.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 19.11.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
