Spørsmål og svar

Korleis kan eg få orgasmer utan hjelpemiddel?

Jente, 15

Hei. Eg slit veldig med å onanere. Skal eg gjere det i senga utan noko hjelp kan det ta 20 minutt. Og då blir klitoris sår og vond dagen etterpå.. Einaste måten eg er komfortabel med er i badekaret med kraftig stråle frå dusjen. Har ikkje vibrator. Eg har kjæreste, og om eg skal ha sex med han har eg lyst til å klare å oppnå orgasme. Så mitt spørsmål er: Korleis klare å få orgasme i senga utan hjelpemiddel, at det ikkje tek så lang tid, og at eg ikkje blir sår? Vær så snill hjelp🙏🏼

Hei

Måten å få orgasmer på er å stimulere klitoris, anten direkte på eller ved sidan av klitoris. Slik du fortel om måten du onanerer på kan det være at du ikkje har funne din måte å onanere på enno. Les gjerne artikkelen vår om onanering for tips til fleire måter å onanere på. Eit viktig tips er å variere i måten å onanere på. Gjer du det på same måten vil det kjennast kjedeleg ut, etterkvar kan det rett og slett gjere vondt.

I tillegg til å onanere er det fint å bli kjent med fantasiane dine. Det vil både gjere det enklare for deg å bli kåt og å få orgasmer når du onanerer åleine eller har sex med nokon. Test ut å tenke på kva du kunne tenkje deg å gjere av sex åleine eller saman med nokon. I fantasien din kan du ha sex med kven du vil og på kva måte du har lyst til.

Ein annan ting er å bruke dei delane av kroppen din som er ekstra kjenslevare for stimulering. Eksempler på slike stader er øreflippene, brystvortene og innsidene av låra dine. Kva er dine områder? Om du stimulerer dei kjenslevare områda dine samstundes som du bruker fantasiene dine og onanerer, vil du etter kvart få det til.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 9.7.2026

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål