Korleis kan eg halde på eit venskap?
Jente, 19
Eg skal snart byrje på høgste utdanning og me er snart ferdige på skulen. Korleis kan eg då halde på venskapet med meg og bestevenninna mi som eg har vore saman med heilt sida fyrsteklasse på barneskulen? Eg veit at eg ikkje har vite så flink å halde på venskapa frå ungdomsskulen, så korleis gjer eg det nå? Me skal heilt forskjellige stader. Eg skal bli her og ho skal til eit annet land. Eg vil ikkje miste ho, for då føler eg meg så åleine
Svar
Hei!
Takk for at du skriv til oss om korleis du har det. Eg forstår at du fryktar å miste venninna di når ho reiser.
Samstundes er det fleire gode måtar du kan ta vare på venskapet.
- Det kan hjelpe å fortelje venninna di kva du er redd for, og at du tenkjer mykje på korleis dykk skal halde kontakten for å ikkje miste kvarandre. Kanskje veit ikkje venninna di dette. Då vil det vere nyttig å snakke saman.
- Du fortel at du kjenner deg åleine. Det er ofte ei vond kjensle og kan gjere at ein blir meir redd for å miste dei ein har. Forsøk å tenje at det vil vere mogleg for deg å finne fleier vener. Mange kan oppleve at når dei startar å studere møter dei andre som ein har mykje meir til felles med og det kan vere lettare å finne nye vener.
- Snakk også med nokon du stoler på om korleis du har det. Det hjelper mange gonger å snakke høgt om det som gjer vondt. Då kan du oppleve å få støtte og hjelp.
- Når det gjeld å halde på vennskapet kan det å ha ein del kontakt vere nyttig. Då kan det vere fint å dele det som skjer via nettet sidan ho skal flytte utanlands.
- Mange gonger er det også fint å ringje til kvarandre å fortelje om det som skjer og korleis ein har det. Det er også fint å dele det som kan vere vanskeleg fordi ein ofte opplev at ein ikkje er åleine om å ha det slik og ein viser at ein stolar på den andre ved å fortelje om vanskelege ting også.
Håpar noko av dette kan hjelpe deg.
Lykke til!
Hilsen helsesykepleier, ung.no
Besvart: 19.3.2022
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

