Eg angrer på at eg fortalde venene om det seksuelle overgrepet.
Jente, 18
Eg fortalte min aller største hemmelighet til vennane mine og føle meg redd for at dei no veit d og ser ein heilt annan side av meg.Ikkje at dei kjem til å bruke de mot meg men berre de at de e no andre som også veit d.Eg har holdt de hemmelig og heilt for meg sjølv i over 14 år og fotalte de først i går, i fylla.Når eg va lita vart eg voldtatt av min 9 år eldre bror.De e egt berre de minne som har «såtte seg» frå barndommen.De e av og til eg tenke på de, men då e de som oftast i små periodar, kanskje 3 gangar i året, men då fleire gangar for dagen.Då får eg ein vond følelse.Eg har òg eit svakt minne om at eg fortelle det til mora mi når eg var mindre men hugsa at eg var veldig redd for at det va eg som kom til å få konsekvensane.Hovedgrunnen til at eg ik har sagt noke e fordi han sleit og sliter no men psykiske problem (yikkje knytta til detta) og vil ik at d skal gjer de «verre». Vil berre late som at d ik har skjedd noke.Eg gjømmer meg og synest d e ubehageli når han kjem på
Svar
Hei!
Så fint du har fått til å skrive til oss om det som har skjedd deg.
Du har ikkje gjort noko gale ved å fortelje venene dine om det som skjedde. Det å gå åleine med slike opplevinger vil for dei fleste av oss vere vondt og vanskeleg.
Går du lenge utan å få snakke med nokon vil det bli vanskeleg for deg å forholde deg til broren din, akkurat slik du skriv om i spørsmålet ditt. Det kan og vere vanskeleg å få til å være kjæreste eller sexpartner med ein person du verkeleg vil få det til saman med.
Sjølv om du kanskje synes det er vanskeleg vil vårt råd til deg vere å snakke med ein fagperson. Helsestasjon for ungdom i kommunen din kan vere ein fin stad å få hjelp. Det er også fint å snakke med Dixi, eit NOKsenter eller chatte anonymt med fagpersoner på ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Å snakke med nokon om det som skjedde betyr ikkje at broren din vil få det værre. Han vert ikkje involvert i den hjelpa du får og det skjer heller ikkje noko med han utan at du vel å melde han til politiet. Du treng ikkje å melde han til politiet for å få hjelp.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 26.5.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål