Spørsmål og svar

Føler på ensomhet. Klarer ikke bli venn med andre.

Jente, 17

Hei. I de siste har eg følt veldig på ensomhet. Eg føler ikkje eg hsr de vennene rundt meg som eg fortjener, og føler ofte at eg bare er et sisye valg for dem. Eg skulle gjerne prøvd å blitt venn med andre men klarer det ikjje. Kjenner eg blir redd for at de skal såre meg ig ig velger heller da å bare vere rundt gamle venner. Sitter ofte alene om kveldene og det er svært sjeldent at eg henger med noen. Det er ikkje slik at eg ikjje blir spurt med på ting, men eg kjenner bare ikkje at eg ikjje vil være me de. Føler eg ikjje hsr noen å snakke med å eg bor alene så hsr ofte ikjje familie å snakke me heller. Føler meg veldig tom å vil gjerne forandre dette. Kva kan eg gjøre???

Svar

Hei!

Så fint at du deler tankane dine med oss!

Det er leit å høyre at du kjenner deg så einsam, og at du føler du ikkje har dei venane rundt deg som du fortjener.

Eg forstår veldig godt at du kjenner at du ikkje klarer å få deg nye vener. Det kan vere vanskeleg! Men samtidig, når du kjenner at du ikkje høyrer til med dei venane du er med no, kan det vere lurt å prøve likevel. Sjølv om du synest det er veldig vanskeleg, er eg faktisk heilt sikker på at du kan klare det! Dessutan: Dei rette folka for deg fins der ute, og kanskje er dei nærare enn du trur!

Prøv å tenkje på det sånn: Om du får deg nye venar, vil du jo sannsynligvis finne deg nokon som du høyrer betre saman med. Men uansett korleis det går, det er kanskje betre enn å gå og kjenne seg einsam?

No gjelder det å våge å bli kjent med folk, sjølv om det kan vere vanskeleg. Start med å smile og si hei til nokon, og prøv å vere litt nysgjerrig! Kven veit: Kanskje finn du din beste venn ved at du tør å ta kontakt med nokon? Les gjerne artiklane under for fleire tips!

For å finne deg ein plass du kjenner at du høyrer til, og noko å gjere om ettermiddagane, vil eg anbefale deg å prøve å finne ein fritidsaktivitet eller ein organisasjon å engasjere deg i, eller å vere frivillig ein plass. Sjekk ut kva som fins der du bur! Det kan både gi deg ein følelse av å gjere noko viktig, noko meiningsfylt, og gjere at du blir mindre einsam.

Det er veldig fint at du skreiv til oss når du ikkje følte du hadde nokon å prate om dette med! Det kan vere veldig godt å ha nokon rundt seg å snakke om sånne ting med. Sjølv om du ikkje har for vane å prate med nokon i familien din om sånne ting, sidan du ikkje bor med dei, så kanskje du kan tenkje gjennom om det er nokon der du kan ringje til? Kanskje det går betre enn du trur? Gje det et forsøk, om du kan<3

Du har kraft i deg til endring. Eg heier på deg, og er sikker på at du kjem til å klare å gjere endringar som gjer at du få det betre<3

Ønskjer deg alt godt, og lukke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 12.7.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål