Har i laaang tid følt at eg berre eksisterer og ikkje lever
Jente, 17
Hei! Eg har over laaang tid følt at eg ikkje lever men bare eksisterer. Dagene går fortere og fortere og eg kjenner meg ikkje tilstede. Livsendringer går ikkje opp for meg. Som at eg har fått meg kjæreste og at foreldra mine har gått fra kvarandre. Eg kjenner meg ikkje tilstede og kjenner ikkje endringane eller følelsane. Ka kan dette vere? Føler det blir verre og verre. Har følt det sån sida eg var rundt 13 år, men begynner å skremme meg no.
Svar
Hei du
Så fint at du tar kontakt.
Dersom du har opplevd veldig mykje endringar og det er mykje å ta innover seg av stress og følelser og meir så kan det hende at kroppen blir litt overvelda og dermed "nummer" seg litt eller skrur seg "av" på eit vis. Då kan ein seie at "det psykologiske forsvaret" setter inn (for å gjere ting mindre ubehageleg) og då kan ein kjenne på at ting berre går på autopilot. Det at foreldra dine har gått frå kvarandre kan t.d vere ein ganske overveldande prosess der heile familien plutseleg må tilpasse seg den nye kvardagen - det er ikkje småtteri.
Det at du har lagt merke til at dette skjer med deg er vel kanskje første steg til å gjere endringar eller å bli meir obs på følelsane dine. Du kan øve deg på å kjenne etter på kva du føler og så øve deg på å kjenne etter på kva som er ditt behov/kva du treng utifrå kva følelsar du har. Du kan øve deg på å bli betre kjent med følelsar på Følelseskompasset.
For å "stoppe opp" og kjenne meir etter (og dermed gå imot denne "autopilot"-følelsen) så er det lurt å koble på sansane sine så godt ein kan. La oss seie at du går tur i skogen - då er det lurt å legge merke til korleis lufta er mot huda, korleis sola skin i augene, korleis fuglane kvitrar og korleis føtene kjennes mot underlaget osv. Dette gjer at ein øver seg på å vere "her og no" og ikkje i fortid/framtid. Dette kan vere gode øvingar for å koble seg på.
Eg ønsker deg berre det beste og masse lukke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 30.5.2025
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål