Er sliten HEILE TIDA, føler andre ikkje blir så slitne. Motiverande ord?
Jente, 15
Er så sliten HELE TIDA. Det føles ut som en ond sirkel. Skulen gjør meg så sliten, både pga fag og sosialt, og når eg kjem heim har eg ikkje energi til lekser før på kvelden når eg har kvilt heile ettermiddagen. Blir bare verre og verre jo lenger ut i skuleåret vi kjem. Føles ut som at ingen andre blir so slitne som eg blir. Når eg tar opp om dei ander og syntes det er for masse lekser og skulejobb så synest ikkje de det. Vil klare like mykje som de andre. Føler meg so lat som ligg heime heile ettermiddagen/helga og kviler, men tar så mykje energi å gjøre noko. Har dere nokon motiverende ord til meg?
Svar
Hei du!
Det høyres veldig slitsomt ut å ha det som du har det no. Det er ikkje slik at ein alltid klarer å hente seg inn gjennom kvile. Spesielt gjelder dette dersom ein kjenner seg veldig overvelda, utbrent, har vitaminmangel/andre mangler og/eller deprimert. Eg veit ikkje om noko av dette stemmer for deg. Eg vil likevel råde deg til å ta kontakt med fastlegen din for å sjekke om alt er OK. det kan vere lurt å sjekke om du har vitaminmangel, at du søv og et nok og også sjekke korleis du har det psykisk. Kanskje vil det vere behov for nokon å snakke med angåande dette (kanskje psykolog?).
Du fortel at du sammenliknar deg med andre. Dette er slitsomt. Hugs på at ein kan gjerne vere ganske streng med seg sjølv og gjerne ha eit mykje strengare blikk på seg sjølv enn det ein har på andre. Hugs at når du ser på andre så ser du dei kun i små glimt - du ser berre ein bitteliten del av deira liv - du veit verken korleis dei har det inni seg eller korleis dei har det på kveldane eller korleis dei har det i vanskelige periodar i livet. Når det gjeld deg sjølv så er du med deg sjølv heile tida og da får du inn all denne informasjonen og då kan det vere lett å tenke at "alle andre taklar alt men ikkje eg". Dette stemmer nok ikkje men eg forstår godt at det kan kjennast slik - slike følelsar og tankar blir gjerne også endå sterkare når ein har ein vanskelig periode (som det er tydeleg at du har no).
Eg tenker at du må ta på alvor at du har det vanskelig no og ikkje presse deg til for mykje. Eit tips kan vere å lage veldig tydelig tidsramme for deg sjølv for kor lenge du faktisk har lov til/tillater å drive med skulearbeid på ettermiddag. Dette fordi det ofte blir slik at ein tenker at ein "alltid kunne gjort meir" og gjerne utsetter det å sette i gang lenge fordi ein er så sliten og dermed også bruker veldig mye tid på å vere sliten/dårlig samvittighet/tenke på alt ein "burde" og "skulle" fått til. Det kan derfor vere lurt om du bestemmer deg for at du kun får lov til å jobbe frå f.eks 18-1845 med lekser og ellers ikkje har lov. Dette for å avgrense at du må jobbe flittig i den korte tida du har og ellers har fullt lov til å gjere andre ting som er gode for deg - det kan vere tur, serie, matlaging, samtale med familie, hobby av eit slag ++.
Eg råder deg til å tenke mest på deg sjølv og ikkje vere opptatt av andre - veit det er vanskelig men du får ikkje noko godt ut av denne samanlikningen. Husk at livet går i bølger og at alle har vanskelige periodar - ein annan gong er det andre som strever og ikkje du. Dette går som sagt i bølger og det er heilt menneskeleg og forventa å ikkje vere "på topp" alle dager - det kan ingen klare og det er ikkje forventa.
Det kan vere lurt å ta tak i søvnen dersom den er ustabil. Eg veit ikkje om det er slik for deg men dersom du kviler mye på kvelden blir kroppen berre slapp og ikkje spesielt søvnig - heller "utslitt" - dette er to ulike ting. Kroppen/hjernen trenger klar beskjed på når et er leggetid og ikkje og dette treng ein ekstra mye av når det begynner å bli mørkt ute for då vil ikkje hjernen få så god hjelp av lyset til å regulere dette. Du kan også som sagt snakke med fastlegen om eventuelle søvnplager/få råd om god søvnhygiene.
Eg ynskjer deg berre det beste og håper du kjenner at det løsner snart - både på skule og heime.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 14.9.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


