Har gode vener og familie, likevel trist og lei meg
Jente, 14
Eg er en ung jente som satsar fotball og drive på med idrett utrulig mykje, har gode venne og kjempe bra familie. Men forsatt føler eg meg så trist å lei over så lang tid? Koffor det? Eg er så sliten.
Svar
Hei du!
Så flott at du tar kontakt når du har det vondt på innsida.
Det kan vere mange grunnar til at du er sliten og lei deg. Dette kan skje med alle heilt uavhengig av om ein har gode vener/familie eller ikkje. Vi mennesker går gjennom ein del fasar i livet det alt kan kjennast veldig tungt - nokon gonger er det noko spesielt som har utløyst dette medan andre gonger er det meir diffust.
Mine fyrste tankar er om du kanskje har litt for mykje på deg? Du fortel at du driv mykje på med/satsar på både fotball og annan trening og dette er det sjølvsagt mykje positivt med. Samtidig vil dette kreve mykje kvile også for at ein ikkje skal bruke meir energi over lang tid enn det ein eigentleg har. Dersom ikkje kroppen får hente seg inn vil ein kunne få slitasje både psykisk og fysisk - dette veit du sikkert mykje om frå før. Eg råder deg til å sjå på om du kan få lagt inn noko meir kviletid i «kabalen» din.
Det som også er lurt dersom ein har vore sliten/nedfor over tid er å sjekke dette hos fastlegen. Kanskje manglar du vitaminar (mange manglar d-vitamin, spesielt på vinteren), jern o.l. Slike ting kan føre til at ein blir unødvendig slapp og sliten og dette kan gjerast noko med.
Hos fastlegen kan du også fortelle om korleis du har det generelt. Kanskje har fastlegen råd på ting som går på balanse mellom fritid/trening, måltider, søvn, psykisk og fysisk helse.
Det som er godt med å ha ein god familie og vener er at dei også forhåpentligvis kan vere ei god støtte for deg i ei tung tid. Hugs som sagt at alle mennesker har det tungt frå tid til annan og dersom du lar dei rundt deg hjelpe/støtte deg no vil det vere nokon andre som treng hjelp/støtte neste gong og då vil dei gjerne kunne klare å åpne seg for deg i liknande situasjon.
Eg ynskjer deg berre det beste og masse lykke til.
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 23.1.2024
Oppdatert: 23.1.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
