Spørsmål og svar

Har fått kyssesjuka. Korleis ta hensyn til det på jobb og skule?

Jente, 18

Hei. Eg har fått kyssesjuka. Korleis bør eg ta hensyn til dette med tanke på jobb og skule?

Svar

Hei kjære deg.

Det var leit å høyre at du har fått kyssesjuka. Heldigvis er det ein ufarleg sjukdom, der ein blir frisk av seg sjølv etterkvart. Men det kan ta veker og nokre gonger månadar å bli frisk, eller i grei form igjen.

Det fins ingen klare lover eller regler for korleis oppføre seg ved kyssesjuka, så same kva ein gjer, gjer ein ikkje noko gale. Men nokre ting bør ein likevel tenke på:

  • I starten og i den akutte fasen, bør ein prøve og unngå å smitte andre. Kyssesjuka smittar via dråpesmitte, så unngå å kysse, dele flasker og unngå nærkontakt med andre i starten
  • Ellers kan ein gå på skule og jobb når ein føler seg grei nok. Her er det altså forma som bestemmer. Mange blir veldig slappe og fort utslitt i starten, så ta hensyn til det! Gi kroppen kvile om den treng det, ein blir ikkje raskare frisk av å presse seg sjølv (tvert om).
  • Kyssesjuka kan gi forstørra milt, som kan gi ein større risiko for at den sprekk. Derfor bør ein unngå kontaktsport eller aktivitet med fare for å "bumpe inni" ting og folk, hvis milten er forstørra. (Dette kan legen din seie noko om). Ein vanleg regel er å unngå kontaktsport (og generelt vere forsiktig) i ca 4 veker. Men her fins dessverre ingen klare reglar for kor lenge, så du må spørre legen din om det.
  • Hvis leverprøvene dine er forhøga, vil legen følge det opp. Høge leverprøver gjer at ein ikkje bør drikke alkohol. Dette fordi alkohol brytes ned i levra, så hvis levra alt er stressa av kyssesjuka, blir det for mykje for den. Er du usikker på om dine leverprøver er ok, så spør legen og unngå alkohol til du har fått klarsignal frå lege.

Det er altså ingen "fasit" eller lover som regulerer korleis ein bør forholde seg med kyssesjuka. Ein har lov å gå på skule og jobb osv. Men å unngå smitte andre i starten, og ellers ta det etter eiga form, er lurt.

Du kan gjerne informere jobb og skule om at du har dette (om du vil det), slik at dei veit at du bør ta det med ro ei stund no framover. Du kan også få legeerklæring på dette hos fastlegen din, dersom du treng det ift tilrettelegging på skule eller fri frå jobb osv.

Ellers er det berre å ta tida til hjelp, og å gå til lege dersom du blir veldig dårleg eller er i tvil.

God betring - håper du føler deg betre snart!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 2.10.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål