Burde eg prioritere konfirmasjon eller folkehøgskule?
Jente, 18
Hei, detta er kanskje ikkje den største konflikten, men eg har eit dilemma. Så til hausten skal eg starte på ein folkehøgskule (kor eg ikkje kjenner nokon andre). Dagen etter at skulen starter skal søstra mi konfirmere seg. Eg veit at det er viktig for ho at eg er der denne dagen, men eg vil heller ikkje kome for seint inn i klassen og bli ståande aleine. Sjølv så er eg ikkje den mest sosiale personen i starten av eit bekjentskap, så eg er redd for at eg skal kome heilt utanfor. Innad i familien så har vi også ein del konfliktar, og slik eg veit for augeblunke så kjem ikkje faren vår i konfirmasjonen hennar om nokre visse andre kjem. Folkehøgskulen ligger eit godt stykke unna, så ser på ein måte på detta som ein moglegheit for pappa for å køyre meg til skulen, då han vil ha ein reell grunn for å ikkje vere der på dagen hennar, og ho då ikkje trenger å vite at han ikkje "ville" kome i teorien. Kva høyrest ut som det beste valget?
Svar
Hei! Eg forstår godt at dette er eit vanskeleg dilemma. Du vil ikkje gå glipp av starten på folkehøgskule men samstundes veit du at konfirmasjonen til søstera du er viktig for ho.
Det er du som kjenner dei involverte best, så det er svært vanskeleg for meg å seie kva som er rett her.
Slik eg les deg er det fleire vanskelege ting knytt til konfirmasjonen. Når ting er vanskeleg i familien er det kanskje ekstra viktig for søstera di at du er der og at du støttar henne. Du er ein av dei viktigaste for henne i familien og det er ein dag ho kanskje kjem til å hugse veldig lenge, spesielt dersom ho har spesielle kjensler knytt til dagen.
Dersom du trur det vert eit problem med faren din der kan det vere ein grunn til å dra, men eg trur at det er lurt å snakke med søstera di om det først i såfall. Viss ho eigentleg vil ha dykk begge der kan det bli kjipt om de er vekke. På den andre sida kan det hende ho er einig i at det er ei god løysing. Luft idéen om å late han køyre deg og sjå korleis ho reagerer.
Når det gjeld folkehøgskulen er det sjølvsagt kjipt å gå glipp av dei første dagane. Men hugs også at ein generelt på folkehøgskular brukar lang tid på å bli kjent. Det er eit sosialt år med mange sosiale arrangement gjennom heile året. Sjølv om du går glipp av nokre dagar vil du framleis ha kjempegod tid til å bli kjent med dei andre etterpå, og det er nok mange som ikkje har funne vennane sine før etter fleire veker.
Dersom du er bekymra kan du snakke med den aktuelle skulen og høyre korleis opplegget er den første veka. Kanskje dei kan seie noko om korleis det er å gå glipp av dei første dagane?
På denne måten vert det enklare for deg å ta ei informert vurdering. Snakk med søstera di og med folkehøgskulen om moglegheitane.
Kanskje mora di kan vere ein litt uavhengig part det går an å prate med om dette? Ellers går det an å skrive lister med fordelar og ulempar, og du kan prøve å tenke deg scenarioar for korleis det vert i dei to ulike høva.
Lykke til!
Besvart: 3.5.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål