Hvordan kan jeg komme meg over han? NN
Jente, 13
Hei, eg var sammen med nokon og nå er der slutt. Eg var sammen med han i 1 halvt år. Men kvar dag på skulen når eg ser han så blir eg sir for at han er med andre jenter sjølv om vi ikkje er sammen mer. Eg tror eg ikkje er heilt over han enda. Men eg veit ikkke kordan eg skal komme over han,😓
Svar
Hei
Eg skjønner at det kan vera vanskeleg å komma over han, spesielt når de omgåst nokon gangar.
Tipset mitt er først og fremst å sletta han frå sosiale medium. Då kan du i alle fallvia merksemda di til noko anna når du elles ville hatt kontakt med han/ sett på noko han hadde lagt ut.
I tillegg ville eg snakka med ein venn du stolar på om dette. Vel ein venn som respekterer deg og lyttar til det du har å seia.
Å komma over nokon tar tid, så det er viktig at du aksepterer at det er litt vanskeleg. Mindre kontakt og å øva seg på å ikkje vera der han er kan hjelpa. Artiklane under gir fleire råd :) Lykke til!
Vennleg hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 21.11.2021
Oppdatert: 21.11.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

