Spørsmål og svar

Ho sa vidare at eg ikkje føler meg som ein gutt eller jenta

Jente, 13

Eg sa til x bestevenninna mi at eg ikke følte meg som ein gutt eller jenta Å så lovte ho at ho ikke sku seie det til nokon men so eit par veke før haustfeirien so sa ein annan venninna te meg at x hadde sakt da te ein vaksen på skulen å no skal den voksne snakka med meg og de e egentlig ikke da so e domt det er meir da at ho gjekk bak ryggen min og so seie ho da te ein vaksen vis ho ville at eg ska snakka me nokkon so seie du da do fiksa eg da sølve Å x ho veit ikke at eg veit å eg har veldig lille lyst å seia te ho at eg veit og ho kjem te å spørje om kem so sa da å eg vil ikke lyst på bisla på y Å eg vil ikke krangla med de jeg vil jo berre væra venninnar å ikkje bruka til på å krangla å kossen skal jeg seie til x at jeg vet?

Svar

Hei!

Eg skjønner at du ikkje synest det var greit at bestevenninna di sa vidare til ein vaksen at du ikkje føler deg som ein gut eller ei jente.

Det høyrast lurt ut å prate med bestevenninna di om at du ikkje likte at ho gjekk bak ryggen din. Går det an å seie at du ikkje har tenkt til å seie kven som som fortalde deg dette, men at det ikkje er det som er poenget? Eg trur det blir viktig å få fram intensjonane her. Få fram at den som fortalde deg det gjorde det for at du skulle få vite kva som hadde skjedd, og ikkje for å sladre.

Eventuelt: Om denne vaksne pratar med deg, kan du jo seie til bestevenninna di at du skjønte det var ho, om du ikkje vil nevne den venninna som fortalde deg dette?

Du kan også gjerne seie mykje av det du skreiv her: At du ikkje eigentlig hadde lyst til å seie noko fordi du helst vil at dokker skal vere vener og at du ikkje vil ha noko krangling.

Vil du unngå konfliktar, kan det vere greit å vise at du forstår kvifor ho gjorde som ho gjorde. Da ho sa til ein vaksen det ho hadde sagt til deg, var det nok fordi ho ikkje visste heilt kva ho skulle gjere. Fortel ho at du forstår at ho gjorde det ho meinte var rett, men at du hadde syntest det var betre om ho kom til deg først.

Du kan gjerne også seie at du vil at dokker skal leggje dette bak dokker etter at dokker har prata, og at det ikkje blir noko problem vidare så lenge ho ikkje gjer det samme igjen.

Lukke til<3

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 2.1.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål