Spørsmål og svar

Vil ikkje vere bestevennen hennar, kva kan eg si til ho?

Jente, 13

Hei eg har ein bestevenn som eg ikkje vil vere bestevenn med kva kan eg si til ho? Eg vill ikkje vere frekk og eg og ho har vert bestevenner siden 1 klasse men ho blir på ein måte sur fordi eg velger nokon andre til for exempel samarbeid oppgaver. Så kan dere hjelpe meg?

Svar

Hei!

Eg skjønner at det er vanskelig å vite korleis du kan slutte å vere bestevenn med denne jenta, når dokker har vore bestevennar så lenge.

Tenkjer du at dokker skal kutte kontakten heilt, eller er det berre at du vil ha litt mindre kontakt? Eller kanskje du ikkje hadde følt behov for å slutte å vere bestevennen hennar om ho syntast det var greit at du også hadde andre venner?

Det kan vere lurt å først prøve å ta en prat med ho og seie at du er glad i ho og vil ha ho som venn, men at du synest dokker burde kunne ha fleire vennar samtidig? Det bør jo vere plass til fleire vennskap, for dokker begge to, utan at det betyr at vennskapet dokkar betyr noko mindre<3

Kanskje ho er litt usikker og redd for å miste deg, og at det er derfor ho blir fort sur når du for eksempel samarbeider med nokon andre om ei skuleoppgåve? Kanskje ho treng denne praten, så ho får sagt kvifor ho blir sur, og kanskje dokker kan få ordna litt opp mellom dokker?

Om du finn ut at du blir nødt til å slutte helt å vere vennen hennar, må du prøve å seie det på ein så skånsom måte som mogleg. Det er litt som å slå opp med nokon. Prøv å få fram at det ikkje handlar om ho som menneske, men kanskje dokker har vokst litt fra kvarandre, eller at du ikkje synast dokker passar like godt som venner no som dokker gjorde før?

Uansett er det viktig å gi ho tid og å prøve å vise omsorg når du gjer det, for det kan vere vondt å få høyre at nokon ikkje vil ha like mykje kontakt som før.

Lukke til<3

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 8.3.2023

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål