Spørsmål og svar

Korleis takle vanskelege tankar om vennskap?

Jente, 15

Hei, ej slit litt med at eg aldri føler meg velkommen blant vennane mine og at tanken på at dei ikkje vil at eg egentlig skal ver der. Å det he da gjort at eg er mindre med dei og heller sitt heime heile dagane, aleine på rommet mitt. Dei er nesten alltid ilag uten å spør om eg vil ver med, men sjølvom eg ikkje ville ha vør me så hadde ej satt pris på om at dei faktisk ha spurt om ej vil ver me. Eg gjeng no i 9.klasse og sann he eg hatt det sia ej starta på ungdomsskulen. Og når ej sitt heime aleine på rommet mitt så ende det opp med at det einaste ej gjer er å sitte å tenke på forskjellige ting, og mesteparten av tinga gjer meg trist eller lei meg. Og det er heilt forferdelig. Og om dei legg merke til at det er nokke som skjer me meg så tør eg ikkje sei dei at dei e grunnen til at eg ikkje har det bra, for eg greie ikkje å stole på dei lenger. Vi he vør venna sia barnehagen, så det er vanskelig å droppe dei sjølvom folk sei det e det beste å gjer. He dokke forslag til ka ej kan gjer?

Svar

Hei! Eg forstår godt at dette er noko som plagar deg, og det høyrest ut som at det plagar deg meir og meir desto lenger tid det tek. Det er veldig vanleg når ein har det vanskeleg å prøve å stenge folk ute og grave seg lenger og lenger ned, slik som du skildrar her, og då hjelp det å prate med nokon. Snakk med ein vaksen du stolar på! Du kan få hjelp av foreldra dine, ein lærar eller helsesjukepleiar på skulen din. Helsesjukepleiar har tausheitsplikt.

Det er veldig trasig at du ikkje vert invitert lengre, men dessverre er det nok naturleg for dei andre å slutte å invitere deg når du stadig seier nei til å vere med. Kanskje føler dei at dei forstyrrar deg eller er til bry når dei inviterer og veit at du ikkje vil. Då hjelp det nok med eit signal frå deg om at du har lyst til å vere med, men det er jo heller ikkje så nyttig viss du ikkje har komme so langt at du eigentleg har lyst til å vere med.

Trur du at dette handlar om vennane dine eller deg sjølv mest? Hadde det hjulpe om du hadde andre venner? I så fall hadde det kanskje vore greit å prøve å snakke med litt nye folk, til dømes på ein fritidsaktivitet der du ikkje kun møter dei vanlege folka dine. Men det kan også hende at du kan finne tilbake til vennane dine om du får snakka med dei om korleis situasjonen er. De har jo vore vennar lenge, og dei er sikkert også lei seg for at du ikkje er med lengre, og vil sikkert vere der for deg viss du gir dei mogelegheita.

Det viktigaste er at du vil ta tak i dette og det er veldig bra!

Lykke til!

Besvart: 19.2.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål