Er det vanlig å bruke ein agurk som ein slags dildo?
Gutt, 13
Hei. Eg er homofil og har kome i puberteten og byrjar å få kåte kjenslar. Er det farleg å bruka ein agurk som ein slags dildo? Eg var nemleg heime åleine sist helg og var veldig kåt, så eg gjekk til kjøkkenet og fant ein agurk som eg pulte meg sjøl med. Heile tida føltes det så at eg måtte bæsja. Eg likte det ikkje i det heile. Hvis eg har sex i fremtida med ein annen mann, må det innebære faktisk sex, altså penetrering? Eg har hatt litt vondt i rumpa siden, og lurer på om det er vanleg?
Svar
Hei
Det er heilt vanleg å tenkje på seksualitet og kjenne seg kåt når ein er i puberteten og på din alder. Det skjer store endringar i kroppen din når du går frå å vere barn til å bli ungdom, og ein høg produksjon av hormon kan auke seksuelle lyst. Dette er ein fin måte å teste ut om du likar å onanere eller å ta på andre delar av kroppen din.
Det er ikkje farleg å bruke ein agurk, så lenge ein gjer det på rett måte. Det er normalt at ein kan få ei kjensle av å måtte på do, fordi nervane i området blir stimulert. Når ein blir meir van med det, kan denne kjensla bli svakare, og dersom ein likar det, kan det også gi ei god kjensle.
Det finst mange måtar å vere nær nokon på uansett kva kjønn ein er med. Viss det er to menn, må ein ikkje ha analsex. Det aller viktigaste er at begge to ønskjer å prøve analsex. Ein skal ikkje gjere noko ein ikkje vil, og difor må ein vere sikker på at ein har samtykke/og fått lov til det på førehand.
Når du har brukt ein agurk, er det ikkje så rart at det kan kjennast ubehageleg og vondt etterpå. Det vil nok gå over etter kvart, men viss det ikkje gjer det, er det lurt å snakke med lege for å sjekke at alt er i orden. Det kan du gjere på helsestasjon for ungdom, der dei er vane med å snakke med ungdom om sex.
Viss du skal prøve det igjen er det lurt å hugse på:
- Kjenn etter om du eigentleg vil bruke nokre gjenstandar. Det er ikkje slik at alle homofile menn liker det, og difor er det første du bør tenkje over kva du liker og vil prøve.
- Bruk god tid. Opninga er ein lukkemuskel som er stram, og som treng tid på å utvide seg. Det kan vere vondt viss ein er for rask eller fører noko inn som er for stort. Vær medviten om storleiken på det du fører inn. Det kan vere lurt å prøve med ein finger først, for å finne ut korleis det kjennest ut, før du prøver med noko som er større. Ein agurk er ganske stor, og derfor kan det vere lurt å starte med noko som er mindre.
- Bruk mykje glidemiddel. Endetarmen/rumpa produserer ikkje væske, difor er det viktig å bruke glidemiddel undervegs for å unngå at det blir for tørt. Då kan ein få rifter og små sår som kan gjere vondt. Du kan få glidemiddel hos helsesjukepleiar, på helsestasjon for ungdom eller bestille det gratis her.
- Stopp alltid viss det gjer vondt! Du må ikkje presse inn noko som ikkje kjennest godt for deg.
- Bruk kondom på det du fører inn. Då unngår du bakteriar inn i endetarmen/rumpa som ikkje skal vere der.
- Pass på at du kan halde i det du fører inn og ut av endetarmen/rumpa, fordi det kan forsvinne inn i tarmen. Derfor er det betre å bruke noko som har ein breiare form nederst, så du er sikker på at det ikkje forsvinn inn i tarmen.
Kos deg med kroppen din.
Håper svaret var til hjelp for deg. Ønsker deg alt godt.
Hilsen helsesykepleier og sexologisk rådgiver, NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 27.2.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

