Spørsmål og svar

Eg tør ikkje å bruke sminke sidan veninna mi kan merke det?

Jente, 13

Mange i klassen har begynt med sminke, men eg har en bestevenn som HATER sminke, går i joggebukse 24/7, og har kort hår (litt sånn tomboy type) så eg tørr ikkje og prøve det fordi ho kommer til å merke det også plage meg. Ho sier heile tiden av ho er glad “eg ikkje er som de andre jentene” så eg vil liksom ikkje “skuffe ho”

Svar

Hei!

Takk for spørsmålet ditt.

Eg forstår at dette kan vere ein vanskeleg situasjon og at du kanskje kjenner deg usikker.

Det kan nytte å forsøke og snakke med ho om det du tenkjer på. Forklar at du forstår at ho kanskje ikkje likar sminke, men at du har tenkt at det kan vere noe du ynskjer å prøve.

Fortel gjerne at du vil vere den same og at dere er like gode vener. Kanskje kan det kjennast litt tryggare også for vennina di.

Ofte er det slik at når dere har snakka saman om det som er litt vanskeleg så kan det kjennast litt lettare etterpå. Da veit dere meir kva den andre tenkjer og føler.

Det er ofte lett å tenke at ein ikkje vil seie noe eller gjere noe i redselen for å skuffe den andre. Samstundes kan det gjere at du ikkje opplever å kunne vere den du ynskjer. Det kan difor vere fint å tenkje litt igjennom dette.

Vennina di treng ikkje å bestemme kva du velgjer, sjølv om eg forstår godt kva du meiner.

Det kan også være fint å snakke med nokon andre du stolar på om dette hvis du opplev at det kan vere til nytte.

Lykke til!

Helsing helsesjukepleiar, ung.no

Besvart: 18.11.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål