Kan eg gjere ei sak ut av det eg har opplevd?
Jente, 16
Hei.Eg har opplevd ein del ting som ikke er greit frå ein voksen.detta her holdt på frå eg var sånn 8-13. vet ikkje akkurat alder men var vertfall der omkring.Det som er ekkelt her er at eg var ung. -Har blitt befølt på rumpa, underlivet, (ikke fingret, har berre stryket meg der mens voksenen latter som det var berre kosing),detta her skjedde med klær på. Ho la seg opp på meg ein gang, ville ikkje gå vekk uansett om eg prøvde å vri meg vekk, å ho kyssa nakken min. Eg trur ho også kyssa meg ein gang mens eg sov, eg var halv våken men trudde eg drømte men det var ekte, og eg såg ho gå ut av rommet etterpå. -Ho har manipulert meg fleire ganger. Tvingt meg på fanget, til å med når eg sa nei og backa up. Bryr seg ikkje om mine grenser å er god på å lyge. Helsesøster sa detta er noko eg kan melde å gjer ei sak. Eg er usikker, kva tenker dere eg skal gjøre?Eg vil ikkje at dama skal komme seg vekk med kva ho har gjort mot meg.Det påvirker ekstremt. Pls få ærlig svar på om det er verdt gjere
Svar
Hei!
Så leit å lese om alt du har opplevd over så mange år. Det må ha vore vondt og vanskeleg for deg. Det må og ha vore vanskeleg for deg å seie ifrå til nokon om det du har opplevd.
Du lurer på om du skal gjere ei sak ut av det du har opplevd, slik at du får gjort det du kan for at andre skal sleppe å oppleve det same som deg. Vi skulle gjerne ha gitt deg eit klart og tydeleg svar på dette, men det blir vanskeleg sidan vi ikkje får snakka med deg og sidan vi ikkje er etterforskarar i politiet.
Helsesjukepleiaren du snakka med tilrådde deg å gjere ei sak ut av dette, kanskje det kan vere fint for deg å snakke vidare med helsesjukepleiaren? Det er og mogleg å snakke anonymt med politiet. Du kan søke opp dei ulike Nettpatruljene til politiet på sosiale media og det er mogleg for deg å vere anonym om du bruker kontoer som gjer det mogleg.
Du kan og ringe til politiet på telefonnummeret 02800. Bruk skjult nummer og sei at du ynskjer å vere anonym. Då kan du diskutere med politiet kva du skal gjere.
Det er og mogleg å snakke med Alarmtelefonen for å diskutere kva du kan gjere.
Uansett kva du bestemmer deg for å gjere, er det både fint og viktig å fortsetje å snakke med nokon om det slik at du kan få hjelp til å kome deg vidare i livet og kanskje klare å legge alle dei vonde opplevingane frå deg.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 24.8.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
