Spørsmål og svar

Kva gjer eg når gjengen henger utan meg?

Jente, 14

Hei! Eg er med i ein gruppe på fire. To frå klassa over og meg og ein i klassa mi. Vi har gjort mykje saman. Men nå ser eg bare meire og meir dei er saman utan meg. Og eg begynner å overtekne med ein gong. Er det noko galt med meg? Kva har eg gjort? Og det er så dårleg følelse å sjå dei saman utan meg. Kva skal eg gjere?

Svar

Hei! Eg forstår veldig godt at det er vondt å sjå dei andre i gjengen din henge saman utan deg. Det er ikke nokon kjekk følelse, og det er lett å bli usikker og byrje å overtenke.

Det beste du kan gjere, er å ta dette opp med dei andre. Mest sannsynleg er det jo ikkje nokon grunn til at dei heng utan deg. Men dersom det er ein grunn, får du berre vite om det dersom du spør. Det kan også vere fint for dei å vite om korleis dette kjennast for deg.

Det er vanskelig å snakke om slike ting, og eg forstår også at det kan vere skummelt. Eit godt tips er å skrive ned tankane dine og kva du ynskjer å seie, på førehand. Det er også greit å sende ei melding, men ofte er det betre å ha samtalen ansikt til ansikt slik at ein unngår å misforstå.

Etter at de har snakka om at du kjenner deg utanfor, kan de snakke litt om korleis de vil vere med kvarandre vidare. Kva kan dei andre gjere for at du ikkje skal vere utanfor? Td. kan du seie at det er hyggeleg å bli invitert, sjølv om du ikkje alltid har tid.

Lykke til!

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 5.2.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål