Lurer på kvifor eg har tics. Kan eg snakke uformelt med lege?
Gutt, 17
Hei! Eg har i mange år hatt tics i varierande grad i armar og overkropp utan at det er eller har vore til plage for meg. Dette lever eg meget godt med. Sjølvom eg lever godt med det har eg i løpet av dei siste åra vorte meir og meir interessert i kva det kan vere for noko utan at eg ser på ticsa som noko problem. Eg veit at det å få ein Epilepsi-diagnose på kortet vil gjere meg mindre attraktiv på arbeidsmarknaden og andre plassar, og det kan medføre endringar i livet eg ikkje ynskjer. Difor har eg eit ynskje om å få prate med ein lege om dette for å høyre kva han kan anta at det er UTAN å få sett noko diagnose på det og UTAN at det vert notert ned. Eg er klar over at for å fastslå slike diagnosar må det større utgreiingar til med nevrolog og slikt, men det eg er på utkikk etter er ein meir eller mindre uformell "preik" med ein lege. Veit de om det finnes plassar slikt er mogeleg og/eller om legar har "lov" til å gjere slik?
Svar
Hei!
Du vil finne ut kvifor du har tics. Dette kan vi på ung.no ikkje seie noko sikkert om utan å kunne undersøke deg.
Men tics kan kome av fleire grunnar. Ofte ligg det ingen særleg sjukdom bak. Epilepsi er ofte ikkje så sannsynleg som årsak. For epilepsi artar seg som regel litt annleis enn tics. 
Du stiller eit godt spørsmål - om ein kan drøfte noko uformelt hos lege. Det korte svaret er nei. 
Dette har å gjere med blant anna legens journalføringsplikt. Ved å føre journal (skrive ned) får pasienten sikra at opplysningar ho kom med, blir teke med vidare (kanskje ser ein etterpå eit mønster?). Legen får også dokumentert at ho har undersøkt pasienten og gjort det ho skulle. 
Det er ikkje alt frå eit legebesøk legen må skrive ned. Men det viktigste må med - f eks kvifor pasienten kom til legen, og kva legens vurdering av dette er.
Så om du ønsker svar på ticsa dine, vil det nok vere noko legen må skrive ned at du tok opp. 
Men legen vel korleis ein vil skrive, og nokre gonger kan legen skrive litt “genrelt”, særleg om det ikkje er noko som er farleg eller “viktig” for helsa.
Så det eneste eg kjem på, er om du f eks går til lege ved helsestasjon for ungdom, og spør generelt. Du kan f eks sei at du lurer på kva som skjer med en ven, lurer helt generelt, eller fordi du skal skrive skuleoppgåve.
Legen vil kanskje mistenke at du spør for din eigen grunn. Men så lenge du ikkje seier at du har det sjøv,kan ikkje legen skrive at det gjeld deg. 
Men det er du IKKJE får ved å gjøre det sånn, er en undersøkelse og eit svar som gjeld for deg. Viss du skal ha et svar for akkurat din kropp, må du fortelle legen at det gjeld deg.
håper dette gav deg nokre flere svar.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 11.10.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


