Korleis kan eg bli kvitt belegg på kjønnsleppene?
Hei. Eg sliter med mykje utflod, og føler at det fort blir EiT belegg innafor dei ytre kjønsleppene. Dette belegget er hvit og lukter kkkje godt. Det er værre til tider. Hva er dette og kVA kan eg gjere for å få det vekk? Eg vasker med intimsåpe 1 gang i veka, men vil helst oftare pga dette. Sover uten truse fordi jeg har hørt det er bra.
Hei!
Det kan nok ligge att litt utflod i underlivet, og særleg på kjønnsleppene. Særleg om ein har mykje utflod, kan det naturleg “klumpe seg” litt, og ligge att. Det skal ikkje vere heilt tørt der (det blir vondt når det er heilt tørt).
Men ellers kan betennelser vere årsak til belegg på kjønnsleppene. Sopp kan til dømes gje kvit-gult belegg, som er tjukt eller klumpete. Sopp brukar ikkje å lukte, men det kan gi mykje svie og kløe og sår hud. Sopp er ufarleg.
Så kan også bakteriell vaginose gi auka utflod. Den er gjerne illeluktane (fiskeluktande), kan vere gråkvit og nokre gongar skummande. Her er utfloda ofte tyntflytande, men ved auka utflod kan det danne seg belegg. Dette er også ufarleg.
Så kan også ein generell hud-irritasjon (pga allergi, andre ting) nokre gongar gje eit belegg.
Klamydia kan gje irritasjon i skjeden og misfarga/endra utflod. Dette er ein kjønnssjukdom som smittar ved sex, der ein treng antibiotika for å bli kvitt det.
Eg kan ikkje seie sikkert kvifor du har dette belegget, utan å undersøkje deg.
Det er ikkje godt å gje eit treffsikkert råd om korleis bli kvitt belegget, når vi ikkje veit kva det kjem av. Det er ulik behandling for ulike årsakar. Så helst bør du gå til lege. Der kan du få ein sjekk og eit konkret svar på årsaka. Har du no eller tidlegare hatt ubeskytta sex, bør du i tillegg teste deg for kjønnssjukdommar.
Behandlinga for sopp er til dømes reseptfrie sopp-midlar frå apotek (men første gongen bør ein oppsøke lege først), for bakteriell vaginose er det antibiotika på resept frå lege, og ved generell irritasjon er det steroidkrem eller evt behandle årsaka bak.
Meir generelle råd (som å sove utan truse) kan hjelpe somme, men her kjem det igjen an på kva årsaka var, og somme gonger er ikkje slike råd nok.
Men heilt generelt bør ein unngå intimsåpe. Underlivet treng det ikkje, og det kan forstyrre det naturlege bakteriemiljøet i skjeden, og forverre eller utløyse sopp og ubalanse.
Om ein vil vaske seg oftare, kan ein bruke vatn og gjerne dusj og klappe tørt.
Ein rår ofte til å unngå stramme og syntetiske klede, men heller bruke naturleg stoff - noko som pustar.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 10.10.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål




