Spørsmål og svar

Kva kan eg gjere med at ungdom med russisk opphav blir mobba?

Gutt, 17

Hei! Eg er ein gut med russisk opphav som har levd i Noreg i 10+ år. Dagens situasjon mellom Russland og Ukraina, og mobbesituasjonar som oppstår mot russiske ungdom i Noreg i dag får meg til å føle press. Kva er den beste måten å overgå den på? Folk rådar meg til å skifte namn, men eg tenkar at det er absolutt siste instans som eg ville vurdere i ein slik situasjon. Takk på førehand!

Svar

Hei,

Takk for eit viktig spørsmål. Det er veldig leit å høyre at barn og ungdom i Noreg med russisk opphav blir utsett for mobbing grunna krigen i Ukraina. Det er nok mange, både vaksne, ungdomar og barn, med russisk bakgrunn som kjenner på press og kanskje også følelsar som sinne, tristheit, skam og redsel. Det er både heilt normalt og heilt i orden å ha sånne følelsar i den situasjonen som er no.

Du fortel ikkje kva slags press det er du kjenner på. Opplev du at andre stiller deg til ansvar for krigen fordi du har russisk opphav? Eller, opplev du kanskje at andre forventar at du heile tida skal fordømme krigen? Opplev du at folk mobbar eller seier stygge ting til deg berre fordi du har russisk opphav?

Uansett kva type press du kjenner på, så er ikkje det noko lett situasjon å være i. Verken du eller andre personar med russisk bakgrunn har noko som helst ansvar for det som Russland sin øvste leiar har bestemt. Husk også at det ikkje er ditt ansvar å få slutt på den mobbesituasjonen som du beskriv. Dette er eit problem som vi som samfunn har ansvar for å gjere noko med. Er du elev på vidaregåande skule? På skulane skal det være nulltoleranse for mobbing og trakassering. Opplev du eller andre dette på skulen, er det viktig at de seier i frå. Tenkjer du at skulen, kommunen, idrettslaget eller nokon andre kan gjere noko anna for å hjelpe russisk ungdom i ditt nærområde som opplev mobbing? Ta kontakt og del dine tankar og idear, det håpar og trur eg dei vi setje pris på.

Eg trur ein del av den mobbinga som forgår skjer fordi folk ikkje har god nok kunnskap om det som skjer, nokre er kanskje også redde for om noko kan skje i Noreg. Det er viktig å ha forståing for at folk, særleg barn og ungdom, kan være redde, men utan at det skal rettferdiggjere mobbing og trakassering. Eg tenkjer det viktigaste du kan gjere er nettopp dette, vise forståing for at nokre har lite kunnskap og er redde, men seie tydeleg i frå om at mobbing og trakassering ikkje er greit. Det finst mykje informasjon, særleg på sosiale medium, som er feil, det kan difor også være lurt å minne folk på at dei må være kildekritiske og ikkje tru på alt dei ser på nett. Mange tenkjer ikkje over korleis dei tinga dei seier kan påverke andre. Når du føler at nokon presser deg kan du be dei om å tenkje seg litt om, og om du er komfortabel med det, kan du fortelje korleis det dei seier får deg til å føle deg.

Når det gjeld dette med å byte namn så er eg heilt einig med deg i at det er ei dårleg løysing. For dei fleste av oss er namnet vårt ein viktig del av oss. Ingen har rett til å be deg om å endre din identitet. Vær stolt over ditt namn og ditt opphav.

Husk også at du ikkje treng å stå i alt dette aleine. Snakk med vener og familie om korleis du har det. Du kan også ta kontakt med Helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom.

Lykke til vidare!

Helsing Minoritetsrådgjevar (IMDi) i samarbeid med Ung.no

Besvart: 4.3.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål