Tissa på meg når eg gjekk på ungdomsskulen. Kan det vere psykisk?
Jente, 18
Hei, når eg gjekk på ungdomskulen så tissa eg på meg når eg sov nesten kvar natt. Var til legen og alt og fant ingenting som var gale. Etter veldig lang tid så gjekk det over. Måtte sove med plastikk under lakenet. Vart sterkt mobba på ungdomskulen og depresjon og angst har sletta mesteparten av minnene frå da. Kan sengevetinga ha noko med dei psykiske plagene å gjera? Ikkje turt å spørre andre eller på bup, for synest det er veldig flaut. Kunne heller ikkje overnatte uten beskyttelse
Svar
Hei!
Ja, det er ikkje usannsynleg at dette kan henge sammen. Det er noe uenighet omkring i kor stor grad psykiske belastningar kan påvirke sengevæting. Men når det er sagt så er det ofte i klinisk praksis (altså gjennom det ein erfarer i jobben sin heller enn at det er eintydig forskning som ligg bak) at psykologar får vite at både born og eldre ungdommar kan ha hatt ingen problem med sengevæting i åresvis og så få problemer med det under periodar med stort stress og andre psykiske vanskar.
Så dette er du absolutt ikkje aleine om. Det er klart at slike ting som har med det intime/nakne/sårbare å gjere vil kunne vere flaut å snakke om. Men du gjorde ikkje noko gale og det var ein uheldig situasjon utan at du skulle/kunne gjort noko annleis. Hugs på det!
Det er uansett godt å høyre at dette har gått over no og eg håper du har fått det betre på andre måtar også.
Ønsker deg alt godt.
Beste helsing frå psykologen
Besvart: 12.7.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål